Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

7.7.1946 held kronprins Olav på ny stemnetale for Noregs Ungdomslag på Stiklestad på nynorsk (sjå 29.6.1930).

7.7.2018 presenterer Arve Sandal plan for Nynorskhuset i Førde for kulturminister Trine Skei Grande i eit møte under Førdefestivalen. Grande er positiv til slikt samarbeid i ei klynge. Frå august tek tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte over som prosjektkoordinator, og etter planen skal Nynorskhuset stå ferdig i 2022 (sjå 2.3.2018). 

 

All verdas språk

7. juli 1880 gir rektor Konrad Duden ut Vollständiges Orthographisches Wörterbuch der deutschen Sprache med 27 000 oppslagsord på 187 sider. Dette har han arbeidd med i 30 år, og i 1872 har han gitt ut Schleizer Duden.

Ordbokverket vinn raskt status som retningsgivande for tysk rettskriving. Den 25. utgåva kjem 21. juli 2009 og inneheld 135 000 oppslagsord på 1216 sider. I tillegg ligg det føre 11 andre band om tysk språk.

Dei siste hundreåra har det kome fleire store ordbøker for tysk. Størst av alle er Jacob og Wilhelm Grimms Deutsches Wörterbuch som blei til mellom 1838 og 1961. I 1966 gir leksikografen Gerhard Wahrig ut ei anna Deutsches Wörterbuch, som framleis kjem ut i nye utgåver.

I Deutsche Demokratische Republik (DDR) kjem Das Wörterbuch der deutschen Gegenwartssprache (WDG) med om lag 100 000 oppslagsord ut i seks band i Aust-Berlin i 1952–77.  

Konrad-Duden-Museum blir opna i Bad Hersfeld i Tyskland i 1999.

Sist oppdatert: 18.02.2019