Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


8.7.1899 blir Marius Hægstad utnemnd til det første professoratet i ”landsmaalet og dets
dialekter” ved Universitetet i Kristiania.


All verdas språk

8. juli 1831 blir den amerikanske farmasøyten John Stith Pemberton fødd i Georgia. 55 år gamal utviklar han det som blir eit av dei mest rytmefaste og kommersielt vellykka orda på jorda: Coca-Cola.
 
Pemberton blir alvorleg såra i det siste store slaget i den amerikanske borgarkrigen våren 1865, og han blir avhengig av morfin. For å bøte på dette eksperimenterer han med kokablad og kokavin, og i 1885 lanserer han Pemberton’s French Wine Coca. Året etter innfører Atlanta strenge reglar for sal av alkohol, og Pemberton prøver og feilar seg fram til ein variant utan alkohol.
Bokstavrim er då mykje brukt i vinnamn, og rekneskapsføraren Frank Mason Robinson døyper drikken Coca-Cola. Han formar namnet i skriftfonten Spencer. I andre halvdel av 1800-talet og før skrivemaskinen blir vanleg, er dette den mest brukte skrifta i amerikansk forretningskorrespondanse.
Coca-Cola blir lansert som medisin på Jacobs Pharmacy i Atlanta 8. mai 1866, og den første annonsen står på trykk i Atlanta Journal 29. mai. Det første året blir det selt 95 liter. I 1888 døyr Pemberton, og Asa Griggs Candler kjøper rettane til Coca-Cola. Han stiftar i 1892 The Coca-Cola Company, som 12. mars 1894 tek til å selje drikken på flasker.
Sist oppdatert: 24.02.2014