Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

9.7.1878 blir Nils Salveson Belland fødd i Vegusdal. Han er stortingsrepresentant (V) 1919–33.

9.7.1904 blir forfattaren Jon Bleie fødd i Ullensvang.

9.7.1909 kjem første nummeret av Bonden ut på Gjøvik med Halfdan Asphaug som redaktør. Siste nummeret kjem 26.1.1922, og avisa held fram i Austland (sjå 2.2.1922).

9.7.1930 blir fylkesmann Håkon Randal fødd i Gulen. Han er stortingsrepresentant (H) 1973–85.

9.7.1932 blir forfattaren Ola Jonsmoen fødd i Alvdal.

9.7.1948 blir biletkunstnaren Gunnar Torvund fødd på Nærbø.

9.7.1964 blir forfattar Ingunn Elisa Wiken fødd.

All verdas språk

9. juli 2011 blir Sør-Sudan ein sjølvstendig stat etter at 99 prosent ved ei folkerøysting i januar 2011 støtta kravet om sjølvstende.

Sør-sudanske medlemmar av Sudan Peoples' Liberation Movement (SPLM) på veg til hovudstaden Juba for å feire det komande sjølvstendet. Foto tatt 5. juli 2011, fire dagar før Sør-Sudan vart sjølvstendig. Foto: UN Photo/Paul Banks, United Nations Photo på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0 (foto-id.: Photo ID 478458).

Sør-sudanske medlemmar av Sudan Peoples' Liberation Movement (SPLM) på veg til hovudstaden Juba for å feire det komande sjølvstendet. Foto tatt 5. juli 2011, fire dagar før Sør-Sudan vart sjølvstendig. Foto: UN Photo/Paul Banks, United Nations Photo på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0 (foto-id.: Photo ID 478458).

Området var lenge under egyptisk og engelsk-egyptisk styre, men i 1956 blei Sudan sjølvstendig stat. Fleire seinare borgarkrigar fører i retning av lausriving av Sør-Sudan. Såkalla juba-arabisk er mykje brukt i heile området, særleg i hovudstaden Juba. I Sudan har moderne arabisk og engelsk vore offisielle språk sidan 2005. Sør-Sudan gjer derimot berre engelsk til sitt offisielle språk.

Talsfolk for styresmaktene har sagt at swahili kan vere aktuelt som eit lingua franca i landet, som har meir enn 60 urfolkspråk. Flest brukarar har dinka med vel 1,3 millionar, og nuer med om lag 740 000.

Å bruke swahili på denne måten kan også vere eit uttrykk for at ein ønskjer å knyte seg til organisasjonen East African Community, der mellom anna Kenya, Tanzania og Uganda er med.

Sist oppdatert: 09.03.2017