Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
1.6.1901 skriv Anders Lothe norskstil på landsmål ved mellomskuleeksamen ved Hans Tanks skole i Bergen. Lothe blir nekta sensur, men Kyrkjedepartementet pålegg skulen å gi han karakter, samstundes som Lothe skal skrive ein tilleggsstil på bokmål. Lothe blir seinare stortingsrepresentant.
 
1.6.1996 kjem siste nummeret av Gula Tidend ut (sjå 3.12.1904, 27.1.1905).
1.6.2011 tek Jens Kihl til som prosjektleiar for utviklingsprosjektet Språkåret 2013. Prosjektplan og prosjektbudsjett skal vedtakast av styret i Nynorsk kultursentrum i januar 2012 (sjå 31.3.2009 og 12.11.2010).

 

All verdas språk


1. juni 1984 møtest om lag hundre menneske og blir samde om å skipe organisasjonen Ulum Dalska for å fremje älvdalsk. På førehand har Mora Tidning drive kampanjen «Rädda Älvdalskan». Etter kort tid har organisasjonen 700 medlemer.
Den 16. mars 2005 blir det lagt fram eit forslag til standard ortografi som Ulum Dalska sluttar seg til. Truleg snakkar i dag om lag 300 menneske älvdalsk, som bør reknast som eit eige språk. Det som er svenske dialektar, har i Sverige jamt over låg status.

Den sentraliseringa som prega Sverige i 1950- og 60-åra, fekk større språklege følgjer for talemåla her enn i Noreg. Det gjeld også jamska, som har fleire likskapstrekk med älvdalsk.
I mellomalderen er Jämtland lenge ein sjølvstyrt bonderepublikk med eigne lover og eigen valuta. Ein del av dei som buset seg der, kjem frå Noreg, og i 1178 blir Jamtland ein del av det norske riket. I 1643 bryt det ut strid mellom Sverige og Danmark-Norge om nokre landområde. Partane sluttar fred i Brömsebro 13. august 1645. Avtalen inneber at Danmark-Norge gir mellom anna Jämtland og Härjedalen til Sverige.

Jamska bør ut frå historie og språksystem reknast som ein trøndersk dialekt og er blitt utsett for eit sterkt press frå rikssvensk over lengre tid. I 1950- og 1960-åra fekk såleis elevane ikkje lov til å snakke jamska i skulen. Om lag 40 000 brukarar kring 1980 er dermed blitt til 10 000 – 15 000 i dag.

I 1963 skipar entusiastar Republiken Jamtland, som feirar seg sjølv 12. mars. Jamtamot var alltinget deira frå 930 og er no landsting i Jämtland. I veka kring 12. mars møttest tinget årleg i Motsveckan på Frösön, ein viktig marknadsplass. Republikken har sitt eige flagg, og 23. juli er jamska flaggans dag, men «nasjonaldagen» er 12. mars. Jämtland arrangerer Storsjöyran, som med åra er blitt ein viktig musikkfestival og no er ein av dei eldste i Sverige.

Ein dialekt som skånsk har halde seg mykje betre. Her har om lag 70 prosent av orda har endra seg lite sidan midten av 1800-talet. Skåne var ein del av Danmark til 1658 har i dag om lag 13 prosent av innbyggjarane i Sverige. Skånsk blir dels sett på som dialekt, dels som eige språk. International Organization for Standardization (ISO) i Geneve har etablert ISO 639 som standard for namn på språk og grupper av språk, med ulike nivå.

I den 15. utgåva av Ethnologue klassifiserer Summer Institute of Linguistics i 2005 skånsk som eit regionspråk. Det er i strid med offisiell svensk språkpolitikk. Svenske styresmakter protesterer i den ISO-komiteen som tek seg av klassifiseringa av språk, og skånsk er frå 2009 på ny definert som dialekt.
Sist oppdatert: 07.02.2014