Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


10.6.2001 avdukar kong Harald 5 ein Arne Garborg-statue av Fritz Røed på Bryne.

10.6.2016 vedtek styra ved Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane å gå saman til Høgskulen på Vestlandet med nynorsk som dominerande administrasjonsspråk. Den nye høgskulen kjem i drift frå 1.1.2017, og rektor skal sitje i Bergen. 
 

All verdas språk

10. juni 1898 om lag kl. 06.30 mistar den 77 år gamle gruvearbeidaren Tuone Udaina, på italiensk Antonio Udaina, livet då han trør på ei landmine på øya Krk på kysten av dagens Kroatia.

Han er den siste som «naturleg» taler det romanske språket vegliotisk eller dalmatisk, i si tid vanleg i Dalmatia langs vestkysten av Adriahavet og på øya Veglia i Fiune-bukta. Dette var lenge ein del av republikken Venezia, og det gav gode bruksvilkår for dalmatisk. På det meste kan så mange som 50 000 ha snakka dalmatisk. I Dubrovnik gjekk språket ut av bruk alt på 1500-talet. Då den tusen år gamle republikken gjekk i oppløysing i 1797, og Austerrike tok over området, var tida ute for dalmatisk. Utover på 1800-talet var språket berre å finne på øya Krk.

Noko av ordforrådet kan i dag finnast att i serbisk og kroatisk. Med Udaina som kjelde dokumenterer den italienske språkforskaren Matteo Bartoli språket året før Udaina døyr.

Udaina lærte språket ved å lytte til samtalar mellom foreldra, men hadde no ikkje brukt språket på 20 år. Dessutan var han døv og nesten tannlaus.

Sist oppdatert: 29.05.2017