Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

11. juni 1913 får norske kvinner allmenn røysterett, som eit av dei første landa i verda. Kravet vart kjempa fram av Venstre, arbeidarrørsla og kvinnerørsla. Framlegget vart samrøystes vedteke i Stortinget, utan debatt. Stortingspresidenten refererte grunnlovsframlegget: «§ 50. Stemmeberettigede er de norske Borgere, Mænd og Kvinder, der have fyldt 25 Aae, og som have været bosatte i landet i 5 Aar og opholde sig der». 

11.6.2004 gjer regjeringa Bondevik framlegg om å oppheve lov av 18.6.1971 om Norsk språkråd (sjå 9.6.1971).

 

All verdas språk

11. juni 1258 møtest ei gruppe baronar i Oxford og vedtek The Provisions of Oxford, skrivne på latin, fransk og engelsk. Det er nesten 200 år sidan sist det låg føre eit offentleg dokument på engelsk i England; fransk er blitt meir og meir brukt.

Engelsk blei utvikla frå talemåla til anglarar og saksarar, germanske innvandrarar frå 400-talet og framover. Dette nye angelsaksiske språket trengjer bort det gamle språket til keltarane, som hadde innvandra frå Sentral-Europa frå 500 f.Kr. Dei germanske innvandrarane er utgjer berre eit lite mindretal, og det er uvisst kvifor deira språk slår så sterkt gjennom. Ei sannsynleg forklaring er at epidemiar utrydda dei fleste fastbuande.

Kring år 1000 er det vanlege landsnamnet Englaland, og angelsaksarane kallar då gjerne språket sitt Englisc. Denne gamalengelsken er berebjelken i moderne engelsk, og det let seg knapt gjere å skrive ein engelsk setning i dag utan innslag frå angelsaksisk.

Som ein konsekvens av vedtaket i 1258 blir engelsk for første gong sidan 1066 brukt offisielt då kong Henrik III kallar saman parlamentet frå heile England. Under det normanniske styret til Vilhelm Erobraren og hans etterfølgjarar i 300–400 år frå 1066 er England i praksis trespråkleg: latin for dei lærde, fransk for forvaltninga og dei danna, engelsk for folk flest. I områda i nord der nordmenn hadde slått seg ned, var norsk lenge i bruk og gjorde i røynda England til ein firspråkleg stat. 

I 1302 blir likevel engelsk innført i rettsvesenet, om enn slik at rettsprotokollane framleis skal førast på latin. Hundreårskrigen frå 1337 formar kvart ei ny forståing av det å vere engelsk, ikkje minst som det motsette av fransk. Dette er no språket til fienden, og det blir det verande lenge. Først i 1733 er det likevel heilt slutt med å bruke fransk i rettsvesenet.
Portrett av Dronning Elizabeth I (1533-1603)
Portrett av Dronning Elizabeth I (1533-1603)

Frå 1400-talet til ut på 1600-talet vinn engelsk status og anerkjenning, det blir sterkare knytt til ein nasjonal identitet, og det er no mykje av skriftspråket finn si form. William Caxton prentar den første boka på engelsk i 1474, i belgiske Brugge: The Recuyll of the Historyes of Troye. Denne samlinga av forteljingar om Troja hadde han sjølv omsett frå fransk.
 
Omgrepet King’s English er brukt i 1533 av politikaren Thomas Wilson, medan Queen’s English første gongen blir brukt av forfattaren Thomas Nashe i 1592.   
Sist oppdatert: 10.06.2018