Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


12.6.1922 blir Det Norske Samlaget, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag samde om å skipe Noregs Boklag (sjå mai 1985).  
 
12.6.2006 blir stiftinga Rasmus Løland-markeringa 2007–2011 skipa i Stavanger med fylkesordførar Roald Bergsaker (H) som leiar. Marny Skeie Henkel blir tilsett som dagleg leiar (sjå 13.4.2007).
 

All verdas språk

 
12. juni 2005 opnar kong Harald 5 den nye Svinesundbrua. For første gong er grenseskilta merkte med både Noreg og Norge.
Den eldste kjende forma er Noruagia i ei minnebok frå om lag 800. I ei angelsaksisk reiseskildring frå om lag 890 reiser høvdingen Ottar sørover langs Nordweg, og litt seinare er forma Norwegia brukt i ei latinsk krønike. I norrøne tekstar er den eldste forma Norđvegr, seinare Noregr, i dativ Noregi. I 1599 skriv presten Peder Claussøn Friis ferdig Norriges oc Omliggende Øers sandfærdige Besschriffuels. Forma Norrige blir utover i dansketida forenkla til Norge, som blir den mest brukte namneforma.
Ivar Aasen fører i Ordbok over det norske Folkesprog frå 1850 opp forma Norig, og i 1917 blir dei to namna jamstilte i landsmål. I 1922 går Noregs Mållag inn for Noreg, og i 1938 blir Noreg eineform i nynorsk. Med 13 mot 6 røyster vedtek Norsk språkråd på ny jamstilling på nynorsk i 1996, men Kulturdepartementet forkastar framlegget.
Difor er den språkdelte norske kulturen uttrykt i kortform som Norge på bokmål og Noreg på nynorsk. Frå 1980 er begge namna med på framsida av pass for norske statsborgarar.
Sist oppdatert: 05.02.2014