Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

13.6.1939 rår fleirtalet i universitets- og fagskulenemnda i Stortinget til å løyve midlar til eit Ivar Aasen-rom ved Sunnmøre Museum i Ålesund. Berre Ola Solberg (Ap) stør framlegget frå regjeringa Nygaardsvold om å løyve 10 000 kroner til eldfast bygg i Aasen-tunet (sjå 21.12.1938, 14.3.1940, 4.8.1946 og 27.1.2014).

13.6.1969 vedtek Stortinget med 76 mot 22 røyster å løyve 75 000 kr ”til et nynorsk pressekontor”. Mindretalet røystar for å løyve 100 000 kr.

13.6.2000 blir Kulturdepartementet v/statsråd Ellen Horn og Universitetet i Oslo v/rektor Kaare Norum samde om finansieringsmodellen for prosjektet Norsk Ordbok 2014. Departementet løyver lønsmidlane, universitetet driftskostnadene og løn til fire stillingar (sjå 29.4.2002).

13.6.2005 skriv VG ein journalistisk notis på nynorsk med ein kommentar frå Sylfest Lomheim om dialektbruken i Vennesla i samband med at Jorun Stiansen har vunne Idol på TV2.

All verdas språk

13. juni 1942 melder Nasjonal Samling-regjeringa på ny at ei ny rettskriving skal innførast i Noreg.

Den 26. november 1941 kunngjorde sjef for Kultur- og folkeopplysningsdepartementet, Gulbrand Lunde, ei ny rettskriving for norsk på ein pressekonferanse i Oslo. Former som hage, høgfjell, lauv, vatn blir obligatoriske. Oslo-pressa skal ta rettskrivinga i bruk frå 1. januar 1942, for vekeblad og aviser utgitt utanfor Oslo gjeld rettskrivinga frå 1. mars, og for filmtekstar frå 1. september 1942. Morgenbladet melder frå pressekonferansen at «for de skjønnlitterære forfattere og diktere skal det ikke være nogen tvang. De er sprogfornyere, de er med og skaper sproget».

Den nye kunngjeringa er underskriven av Sigvat Heggstad og J.Fr. Voss. Der heiter det at rettskrivinga gjeld frå 1. juli 1942. Målet er ”ett høinorsk høvisk mål”. For nynorsk skal i-målet vere obligatorisk i sentraladministrasjonen og i lærebøker for den høgre skulen og universitetet, mens i- og a-mål er jamstilte i folke- og ungdomsskule. Den nye rettskrivinga er obligatorisk for offentleg teneste, presse og omsett litteratur, også for nynorske publikasjonar, men gjeld ikkje for gjendiktingar, poesi og prosa frå skjønnlitterære forfattarar.

galleri


Sist oppdatert: 13.06.2017