Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

14.6.1893 prentar Firda ”Aa liva” (Å leva det er å elska) av Anders Vassbotn.

14.6.1935 kjem første nummeret av Møre-Nytt ut i Ørsta med Alf Bergmann som redaktør.

14.6.2006 drøftar fylkestinget i Møre og Romsdal ein interpellasjon frå Torkild Solli Haukaas (H) der han tek til orde for at Møre og Romsdal fylke skal bli språknøytralt. Fylkestinget vedtek at saka skal utgreiast for avgjerd i desember.

All verdas språk

14. juni 2007 opnar Kainun institutti / Kvensk institutt i Børselv offisielt etter å ha vore i drift sidan 13. desember 2005. Instituttet er eit nasjonalt senter for kvensk språk og kultur.

Opninga kjem berre to månader etter at Kvensk språkråd 14. april er blitt skipa på ein konferanse i Alta, arrangert av Kvensk institutt. Språkrådet skal analysere og utvikle normeringsalternativ for kvensk, men er ikkje eit vedtaksorgan. Eit slikt organ blir etablert med Kvensk språkting i april 2008 med sekretariat ved Kvensk institutt. Dette instituttet er ein del av ei større satsing på kvenkultur.

Med verknad frå 1. mars 1998 ratifiserer Noreg Den europeiske pakta for region- og minoritetsspråk for kvensk. Det vil seie at kvenene no er anerkjende som ein nasjonal minoritet. Den 21. november 2003 vedtek regjeringa Bondevik at Porsanger kommune frå og med januar 2004 som den første kommunen i landet skal vere trespråkleg – kvensk, samisk og norsk.

Den 26. april 2005 anerkjenner regjeringa Bondevik kvensk som eige språk.

Avisa Ruijan Kaiku (Norsk rop) med stoff på kvensk og norsk kjem for første gong ut 6. oktober 1995. Den 9. september 2004 kjem den første romanen på kvensk ut. Kuosuvaaran takana (Bak Kuosuvaara) er skriven av Alf Nilsen-Børsskog frå Børselv i Finnmark. Boka er første bandet i serien Elämän jatko (Livet går vidare).

I tillegg til Kvensk institutt i Børselv opnar Halti kvenkultursenter på Storslett i Nordreisa 1. april 2009.

Sist oppdatert: 23.01.2017