Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


16.6.2006 lyser Utdanningsdirektoratet ut 2,7 mill kroner i tilskot til læremiddel for språklege minoritetar, ”til ulike typar læremiddel som grunnbøker, arbeidsbøker, tilleggsmateriell (ressursperm for lærarar, ordlister, lydstoff) og nynorsk grammatikk for vaksne innvandrarar”, til trykte og nettbaserte komponentar.
 
16.6.2010 tilset Jærmuseet Inger Undheim som ny dagleg leiar for Garborgsenteret i Time. Samstundes blir det kjent at SR-Bank gir fem millionar kr til senteret. Banken vil gi ei krone for kvar krone som blir samla inn lokalt, fram til fire millionar. Totalt kan banken dermed kome til å gi ni millionar kr (sjå 12.10.2004, 6.11.2007, 10.3.2008, 1.4.2008, 16.4.2008, 13.5.2009, 10.12.2009, 11.12.2009).

All verdas språk

16. juni 1904 har forfattaren James Joyce sitt første stemnemøte med Nora Barnacle, som han seinare giftar seg med.
På 40-årsdagen til forfattaren gir forleggjaren Sylvia Beach i Paris-bokhandelen Shakespeare & Company 2. februar 1922 ut romanen Ulysses av James Joyce i 1000 eksemplar. Boka skildrar romanfiguren Leopold Blooms ferd, liv og tankar gjennom Dublin nettopp 16. juni 1904. Tittelen spelar på eposet Odysseen av Homer. Ideen har Joyce første gongen brukt i ei novelle i bladet Dubliners i 1906, og romanen tok han til å skrive på i 1914.
Etter kvart har boka kome i 18 utgåver på engelsk, og det har vore mykje usemje om kva som er rett og feil i den engelske originalteksten. Førsteutgåva skal ha meir enn 2000 feil, men må likevel reknast som ei av dei meir pålitelege utgåvene.
Til ære for James Joyce tok forfattarar frå 1954 til å feire Bloomsday i Dublin 16. juni kvart år. Med tida blir dette ein turistattraksjon.
Sist oppdatert: 07.02.2014