Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
17.6.1881 vedtek Stortinget med 89 mot 20 røyster å løyve 1000 kroner til Det Norske Samlaget for prøveomsetjing til landsmål av ein del av Det nye testamentet. Samlaget bed Elias Blix om å omsetje Romarbrevet. Blix svarar ja under føresetnad av at Ivar Aasen hjelper til. Arbeidet er ferdig i 1888 (sjå 26.10.1882, 12.12.1888, 12.10.1889).

17.6.2004 handsamar Stortinget Innst.S. nr. 268 (2003–2004). Regjeringspartia og Arbeidarpartiet er blitt samde om at sidemål skal vere ein del av norskeksamen i ungdomsskulen og at dei nye nasjonale prøvene som etter kvart truleg vil erstatte eksamen, også skal femne om ferdigheitene i sidemål (sjå 2.4.2004).

17.6.2016 legg seks stortingsrepresentantar frå Vestlandet fram eit forslag i Stortinget om å lovfeste retten for elevar i ungdomsskulen til å få opplæring på førstespråket sitt. Målet er å sikre at nynorskelevar får opplæring på nynorsk i heile grunnskulen uavhengig av storleik på klassar og grupper. Dei seks er Terje Breivik (V), Audun Lysbakken (SV), Liv Signe Navarsete (Sp), Magne Rommetveit (Ap), Kjersti Toppe (Sp) og Geir Toskedal (KrF).


 

All verdas språk

17. juni 1981 skriv statane Finland, Sverige, Danmark, Noreg og Island under Den nordiske språkkonvensjonen på Bornholm.

Denne konvensjonen gjeld frå 1. mars 1987 og gir alle som bruker norsk, svensk, dansk, finsk eller islandsk, rett til å bruke sitt språk i all munnleg og skriftleg kontakt med styresmaktene i dei andre nordiske landa. Då har dei nordiske landa alt lenge samarbeidd systematisk om språkpolitikk.

Den 19. og 20. februar 1954 blir det første årlege nordiske språkmøtet halde i Oslo. Finland, Danmark, Sverige og Noreg er representerte. Island kjem først med frå 1956. Den 2. november 2006 vedtek Nordisk råd Nordisk språkdeklarasjon, som gjeld frå 1. mars året etter.

Målet er å fremje ein demokratisk språkpolitikk i eit mangespråkleg Norden der alle innbyggjarane i desse landa kan lese og skrive det eller dei språka som fungerer som samfunnsberande der dei bur, kan kommunisere med kvarandre på eit skandinavisk språk, har grunnleggjande kunnskap om språklege rettar og språksituasjonen i Norden, har svært gode kunnskapar i minst eitt språk med internasjonal rekkjevidd og gode kunnskapar i minst eitt språk til. 

Sist oppdatert: 29.05.2017