Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


18.6.1993 blir Landssamanslutninga av nynorskkommunar skipa på Bryne av utsendingar frå 32 kommunar med Nils G. Taklo som første leiaren. Etter få år er over 90 % av alle nynorskkommunane medlemer.
 

All verdas språk

18. juni 2010 døyr den portugisiske forfattaren José Saramago på Lanzarote, 87 år gamal. Etter debutromanen Terra do Pecado (Land av synder) i 1947 har han gitt ut om lag 30 bøker og er ein av dei viktigaste forfattarane på portugisisk.

Gjennombrotet kom med romanen Levantado do Chão (1980), og hovudverket hans er Memorial do Convento (Klosterkrønike) frå 1982. I 1992 var romanen O Evangelho Segundo Jesus Cristo nominert til Den europeiske litteraturprisen. Den portugisiske statsministeren Aníbal António Cavaco Silva hevdar boka er blasfemisk og trekkjer tilbake nominasjonen. Den radikale forfattaren Saramago svarar med å emigrere til den spanske øya Lanzarote og blir buande der resten av livet. Berre i Portugal er bøkene hans selde i meir enn 2 millionar eksemplar, og verka hans er omsette til 25 språk.

I 1998 går nobelprisen i litteratur til José Saramago, “som med liknelser burna av fantasi, medkänsla och ironi ständigt på nytt gör en undflyende verklighet gripbar”.
Sist oppdatert: 07.02.2014