Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

19.6.1896 vedtek Odelstinget med 48 mot 35 røyster i ny lov om den høgre skulen at «de skriftlige Opgaver kan affattes saavel paa Landsmaalet som paa det almindelige Bogmaal». 10.7. vedtek Lagtinget det same med 20 mot 9 røyster. Lova blir sanksjonert 27.7.

19.6.1920 blir Bondepartiet skipa på landsmøtet til Landsmandsforbundet i Kristiansand. Med 356 mot 9 røyster vedtek landsmøtet «vern om alt norsk i sed og skik og sprog bl.a. ved paa grundlag av likestilling mellem vore to maal, at fortsætte arbeidet for et fælles norsk maal i landet».

19.6.1971 held Ivar Aasen-sambandet årsmøte og blir ein landsomfemnande organisasjon på linje med Noregs Mållag.

19.6.1984 gir Hjemmet ut det første Donald Duck-albumet med nynorsk tekst, Regnguden frå Uxmal, omsett av Rolf Kirknes. Fram til 1991 kjem det sju slike album (s19.1.2015).

19.6.2007 gir Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i digital form ut den første Nynorsk grammatikk for minoritetsspråklege, skriven av Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal.

19.6.2012 gjer Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum avtale om at Nynorsk kultursentrum tek over alle aksjane i selskapet Allkunne AS (sjå 20.8.2008).

19.6.2017 signerer Nynorsk kultursentrum overtakingsavtale for Litteraturdagane i Vinje med verknad frå 1.1.2018. Festivalen har vore arrangert annakvart år sidan 2001 av medlemslaget Litteraturdagane i Vinje. 

All verdas språk

19. juni 1896 vedtek Odelstinget med 48 mot 35 røyster i ei ny lov om den høgre skulen at «de skriftlige Opgaver kan affattes saavel paa Landsmaalet som paa det almindelige Bogmaal». 10. juli vedtek Lagtinget det same med 20 mot 9 røyster. Lova blir sanksjonert 27. juli.

Samstundes set Odelstinget punktum for latinlinjene ved gymnasa. Berre gymnas som har løyve frå Stortinget, skal no kunne undervise i latin. Latinlinja blir innført att i 1919, men forsvinn for godt då den vidaregåande skular tek over for gymnasa frå 1975.

Den katolske kyrkja etablerte latinskular frå 1200-talet for å sikre utdanning av prestar. I dei norske stiftsbyane blei desse skulane kalla katedralskular. Vedtaket i 1975 er det endelege og formelle brotet med den lærdomstradisjonen latin har representert like sidan Romarriket.

Sist oppdatert: 19.06.2019