Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


2.6.1930 handsamar Odelstinget på ny framlegg til lov om målbruk i offentleg teneste (sjå 26.5.1930). Med 54 mot 52 røyster held Odelstinget fast ved sitt, og 5.6. sluttar Lagtinget seg samrøystes til lovvedtaket. Lova gjeld frå 1.1.1931. og slår fast at alle tilsette som er fødde etter 1.1.1905, har plikt til å bruke både nynorsk og bokmål i si skriftlege sakshandsaming (sjå 29.1.1932 og 28.2.1980).


2.6.1961 kjem første nummeret av Strilen ut på Isdalstø med Mons J. Risa som redaktør.

2.6.2006 sender Utdanningsdirektoratetbrev til alle grunnskular og skuleeigarar med informasjon om dei språklege rettane til elevane, nedfelte i § 9 i opplæringslova og § 17 i forskrift til opplæringslova.
2.6.2010 blir Audhild Gregoriusdotter Rotevatn tilsett som ny dagleg leiar i Allkunne no. Ho tek til i stilling 9.8. (sjå 19.2.2009).

All verdas språk

2. juni 1930 handsamar Odelstinget for andre gong på få dagar framlegget til lov om målbruk i offentleg teneste. Den 26. mai vedtek Odelstinget lova etter fleire voteringar.
Lagtinget avviser vedtaket, og saka kjem opp att i Odelstinget 2. juni. Med 54 mot 52 røyster held Odelstinget fast ved sitt, og 5. juni sluttar Lagtinget seg samrøystes til lovvedtaket.
Lova gjeld frå 1. januar 1931 og slår fast at alle tilsette som er fødde etter 1. januar 1905, har plikt til å bruke både nynorsk og bokmål i si skriftlege sakshandsaming.
Den 28. februar 1980 vedtek Odelstinget samrøystes ei ny mållov. Eit av dei viktigaste prinsippa i både den gamle og den nye lova er at kvar borgar skal få svar frå statsforvaltninga på det språket vedkomande bruker.
Det prinsippet innførte regjeringa Mowinckel 13. februar 1924: Fylkesmennene skal svare på landsmål når dei har fått brev på landsmål. Ideen er eldre enn som så. Frå oktober 1852 kan innbyggjarane i Mellomslesvig bruke dansk eller tysk overfor styresmaktene, og desse skal svare på det språket innbyggjarane brukte. Den ordninga står ved lag i 12 år; den norske har passert 80.
Sist oppdatert: 23.01.2017