Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

20.6.1853 gir Ivar Aasen ut Prøver af Landsmaalet i Norge på eige forlag. Her lanserer han grunntrekka i sin normal for landsmålet.

20.6.1863 kjem Symra av Ivar Aasen ut på P. T. Mallings Forlagsboghandel (Symra digitalt og meir informasjon om Symra finn du på aasentunet.no).

20.6.1934 kjem første ordinære nummer av Nynorsk Vikeblad ut. Bladet samarbeider med Illustrert Familieblad til 1940, og blir så drive som eineføretak av Hans Aarnes til 1954.

20.6.2013 vedtek regjeringa Stoltenberg II revidert læreplan i mellom anna norskfaget. Etter ein motsetnadsfull debatt om opplæringspolitikken for nynorsk sidan januar 2012 har regjeringa lagt til sides viktige delar av framlegget til revidert læreplan frå Utdanningsdirektoratet. I staden skal undervisninga i sidemål ta til tidlegare, kompetansemåla skal vere dei same for bokmål og nynorsk, og det skal vere standpunktkarakter og eksamen i både nynorsk og bokmål. Samstundes får vidaregåande skular høve til å prøve ei ny ordning med samla skriftleg karakter dei to første åra på vidaregåande, medan elevane vil få tre norskkarakterar siste året på studiespesialiserande. Det blir også opna for avgrensa forsøk i ungdomsskulen.

All verdas språk

20. juni 1992 blir Paraguay det første latinamerikanske landet som gjer eit urfolksspråk til nasjonalt, offisielt språk. Artikkel 140 i grunnlova frå 1992 fastset at Paraguay er ein multikulturell og tospråkleg stat, og dei offisielle språka er spansk og guaraní: «Urfolksspråk og andre minoritetsspråk er del av landets kulturarv.»

Guaraní blir brukt av om lag 94 prosent av innbyggjarane i Paraguay og er for eit identitetsmerke å rekne. Det er også utbreidd i Argentina, Bolivia og Brasil. Guaraní er det einaste urfolksspråket i Amerika der urfolk sjølve ikkje er i fleirtal blant brukarane.

Den sterke posisjonen for guaraní kjem særleg av at jesuittane i si tid brukte guaraní i si forkynning til urfolk i Paraguay frå 1609 til dei blei kasta ut i 1767. Det har også vore viktig at språket er blitt verande i privat bruk, slik katalansk blei i forbodstida under Franco-regimet i Spania. Dessutan stengde makthavarane i Paraguay ei tid landegrensene og verna dermed eige språk og kultur.

Langt på veg er spansk og guaraní blitt gjensidig avhengige av kvarandre i dette landet, der alle presidentar har meistra begge språka. Saman med vedtaket i 1992 om å gjere guaraní til offisielt språk set styresmaktene i gang eit større opplæringsprogram for både guaraní og spansk i heile skuleverket.

I Fernando de la Mora ligg Ateneo de Lengua y Cultura Guaraní, eit institutt som fremjar bruken av språket.

Sist oppdatert: 21.02.2019