Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

21.6.1873 er siste heftet av Ivar Aasens Norsk Ordbog med dansk Forklaring ferdig trykt. Utgivar er P.T. Malling.

21.6.1886 blir forfattaren Olav Sletto fødd i Hol.

21.6.1923 blir vekebladredaktør Kjell Aarnes fødd i Kristiansand.

All verdas språk

21. juni 1377 døyr kong Edvard III. Han var den første kongen som talte på engelsk i Parlamentet, i 1362. Då bestemmer han også, i eit dokument på fransk, at no skal berre engelsk brukast i Parlamentet og i rettssalane. Året etter blir difor Parlamentet for første gong opna på engelsk.

Bruk av engelsk har vore under jamt aukande press etter at Vilhelm Erobraren hadde teke kontroll over landet i 1066. Mange ord frå det franske lovspråket blir verande i engelsk, som jury og evidence, men også franske kvardagsord som onion, chair og music.

Den 12. mars 1364 døyr den engelske krønikeskrivaren og benediktinarmunken Ralph Higgen. I krønika Polychronicon klaga han i 1327 over at til skilnad frå andre land, der borna lærer på sine eigne språk, må engelske skuleborn gjere leksene sine på fransk, og overklasseborn lærer jamvel fransk like frå fødselen av. Det same gjeld dei som gjerne vil bli rekna som overklasse: «and oplondysch men wol lykne hamsylf to gentilmen, and fondeþ wiþ gret bysynes for to speke Freynsch, for to be more ʒ-tolde of.»

Dette snur utover på 1400-talet, og i 1489 skriv det engelske kongehuset for siste gong eit brev på fransk. Ein skikk som blir innført i 1066, står ved lag den dag i dag. Når lover og meldingar blir sende mellom Overhuset og Underhuset, blir dei pakka inn i papir med gamalfransk tekst.

Sist oppdatert: 21.06.2019