Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


22.6.1906 blir fedrelandssalmen ”Gud signe vårt dyre fedreland” av Elias Blix sungen under kroninga av kong Haakon 7 i Nidarosdomen i Trondheim (sjå 13.11.1890 og 7.12.1905).
 
22.6.2000 opnar statsråd Ellen Horn Ivar Aasen-tunet, det nasjonale dokumentasjons- og opplevingssenteret for nynorsk skriftkultur i Ørsta. Under opningshøgtida deler Nynorsk kultursentrum for første gong ut den årlege prisen Årets nynorskbrukar, som går til høgsterettsdommar Karl Arne Utgård. Saman med nybygget står også eit nytt uteamfi, finansiert med tilskot frå Norsk kulturråd, Tusenårsskiftet Noreg 2000, og 36 kommunar og fylkeskommunar.
 
22.6.2006 blir Kultur- og kyrkjedepartementets pris for nynorskjournalistar, oppretta då Nynorsk mediesenter blei opna i 2004, delt ut under Dei nynorske festspela. Prisvinnar er Linda Eide, juryleiar er Gry Molvær.
 

All verdas språk

 
22. juni 1706 er representantar for det engelske og det skotske kongedømet samde om ein unionstraktat som skal gjelde frå 1. mai 1707: United Kingdom of Great Britain er komen til verda.
Dette gjer engelsk til det vanlege skriftspråket i Skottland, men i tale blir skotsk verande brukt. Skotsk har vore brukt i offentlege dokument like fram til 1603. Den skotske poeten Robert Burns publiserer i 1791 niddiktet “Such a Parcel of Rogues in a Nation” som ein forseinka protest mot avgjerda i det skotske parlamentet. I hundreåra som følgjer, blir skotsk verande eit mindre brukt språk enn engelsk. Forholdet mellom dei to språka minner mykje om forholdet mellom bokmål og nynorsk i Noreg.
Frå 20. oktober 2008 opnar Stortinget i Noreg den nye nettstaden sin med delvis eigen språkversjon på nynorsk. Det skotske parlamentet tek året etter i bruk også skotsk på nettstaden sin.
Spørsmålet om skotsk sjølvstende har vore der lenge, og 15. oktober 2012 gjer England og Skottland ein avtale om at Skottland skal halde folkerøysting om sjølvstende i 2014. Den 18. september 2014 svarar 55,3 % nei på spørsmålet: «Should Scotland be an independent country?»
Sist oppdatert: 08.01.2015