Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

23.6.1915 vedtek Odelstinget mot 18 røyster i lov om landsfolkeskulen at elevane har rett til å bruke sitt eige talemål i undervisninga, og at lærarane skal tilpasse talemålet sitt til dette. Odelstinget vedtek samrøystes at val av skriftleg opplæringsspråk skal avgjerast ved folkerøysting i skulekrinsen (sjå 22.4.1969 og 10.12.1985). Tidlegare har ikkje skulestyret vore bunde av vedtak i dei enkelte krinsane (sjå 27.5.1892). 13.7. vedtek Lagtinget samrøystes det same.

23.6.1995 gir Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tilsegn til Høgskulen i Volda om to professorat til det nye Ivar Aasen-instituttet ved høgskulen. Instituttet skal vere knutepunkt for nynorsk skriftkultur i Noregsnettet.

23.6.1996 opnar statsråd Åse Kleveland Den norske bokbyen i Fjærland.
 

All verdas språk

23. juni 1668 blir den italienske filosofen og retorikaren Giambattista Vico fødd i Napoli.

Han utviklar den grunntanken at sanninga er einstydande med det som er gjort, og at mennesket berre fullt ut kan erkjenne det mennesket sjølv har skapt. Det vil også seie at mennesket forstår verda ved å snakke om den, og at det er dei språklege omgrepa som avgjer kva kjensgjerningar mennesket kan erkjenne.

Språket er for han altså ikkje ein reiskap for tanken, men ein uløyseleg del av tanken. Vico blir professor i retorikk ved universitetet i Napoli frå 1699, og mykje av den retoriske grunntenkinga hans er skriftfesta i De nostri temporis studiorum ratione, ei samling førelesingar som kom ut i 1708. Han døyr i 1744, og først i ettertid vinn han posisjonen som den fremste filosofen på italiensk.

Hovudverket hans er Principi di Scienza Nuova (Den nye vitskapen, 1725, norsk utgåve 1996), som også er det første han skriv på italiensk. Tilsvarande har den franske filosofen René Descartes i 1637 gått over til å skrive på fransk med sitt hovudverk Discours de la Méthode.

Det Vico meiner er den nye vitskapen, er språkfilosofi, og med det vender han seg bort frå naturvitskapen og naturfilosofien. Verket hans kan difor seiast å vere den første språklege vendinga i europeisk filosofi og vitskap. Der René Descartes  ville undersøkje kritisk all erkjenning og John Locke viste til erfaringa, framhevar Vico språket for å kunne forstå den sosiale verda, mondo civile. For Vico er teikna og språket den erfaringa som skaper ånd, og den nye vitskapen utforskar desse sosiale og kulturelle fenomena.

Med den same typen forståing av forholdet mellom form og innhald som prega den klassiske retorikken, tilbakeviser Vico den rådande oppfatninga om at tenking kan skiljast frå eller er uavhengig av språk. Han ser på språk og tenking som ein heilskap, der språk ikkje er eit ytre eigenskap som kjem i tillegg. Språk og kommunikasjon heng saman, og den sosiale verda blir og kan berre forståast gjennom språket.

Den sosiale verda er tilgjengeleg gjennom språk og dermed gjennom alle skrifter om kultur og historie. Det er alle desse tekstane som er forskingsmaterialet for den nye vitskapen. Av dette formar Vico også ei anna forståing av historie enn den som har vore vanleg: Historia representerer eit felles odforråd for menneskja. 

Sist oppdatert: 07.05.2019