Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

25.6.1916 vedtek Sogn og Fjordane fylkesting å be kommunestyra avgjere om ruteheftet for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane skal prentast på landsmål.

All verdas språk

25. juni 1992 vedtek Verkhovna Rada, parlamentet i Ukraina, ei lov om nasjonale minoritetar og språkrettane deira. Den 24. juni året før er Ukraina blitt ein sjølvstendig nasjon, og med det er ukrainsk, og ikkje lenger russisk, offisielt språk i landet.

Den 28. juni 1996 vedtek parlamentet ei ny grunnlov. Der heiter det i artikkel 10 at ukrainsk er det offisielle språket i landet, og at ei «fri utvikling, bruk og vern av russisk og språka til andre nasjonale minoritetar i Ukraina er garantert».

Få år tidlegare, 13. november 1991, har styresmaktene innført ei ny lov som krev kunnskap i ukrainsk for å bli ukrainsk statsborgar. Den 9. oktober 1997 blir Dagen for ukrainsk språk og litteratur feira for første gong og er no ei årviss markering.

Ukrainsk postkasse. Foto: Dieter Zirnig, CC BY 2.0

Ukrainsk postkasse. Foto: Dieter Zirnig, flickr.com CC BY 2.0.

Russisk er minoritetsspråk i Ukraina, og i åra etter vedtaket i 1996 rår ein lang strid om kva plass russisk skal ha i landet. Då parlamentet 23. mai 2012 drøftar spørsmålet, bryt det ut slåstkamp inne i salen. President Viktor Janukovitsj har russisk som morsmål, og han gjekk i 2009 til val på at russisk skulle bli jamstilt med ukrainsk. Dette gjorde han ikkje noko med før det regjerande Regionpartiet fremja saka i 2012. Russisk blir brukt mest aust og sør i landet, og det er der dette partiet står sterkast. Opposisjonen under leiing av Julija Tymosjenko svarar med sterke protestar og aksjonar også utanfor parlamentet.

I 2014 annekterer Russland Krim-halvøya. På få år forsvinn dei fleste studentane som bruker ukrainsk. Frå å utgjere over 13 000 i 2013 er det berre 371 av dei i 2016.

Konflikten held fram på fleire måtar. Den 15. mai 2018 legg president Petro Porosjenko nwed forbod  mot at større russiske selskap og deira nettstader kan drivast frå Ukraina. Det råkar den daglege bruken av russisk for mange, mellom anna digitale tenester frå fleire russiske tv-selskap, sosiale medium og søkjemotoren Yandex.

Sist oppdatert: 21.02.2019