Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


26.6.1926 opnar Vestlandsbanken for publikum (sjå 8.2.1926).

26.6.2007 skjerpar samferdsleminister Liv Signe Navarsete krava til språkleg jamstelling i Posten Noreg AS, Avinor AS og NSB AS. Generalforsamlingane i alle tre selskapa har vedteke at selskapa i all kunderetta informasjon no skal følgje prinsippa i mållova (sjå 28.2.1980). Etter dei tidlegare vedtektene skulle prinsippa i mållova følgjast så langt som råd var, men med rom for å sjå bort frå dette når private konkurrentar ikkje gjorde det. Det skal likevel framleis vere slik at målbruken ikkje skal utgjere ei ulempe i høve til private konkurrentar.
  
26.6.2008 blir band VII av Norsk Ordbok, l – mugetuft, gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Lars S. Vikør, Laurits Killingbergtrø og Oddrun Grønvik. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Øystein Baardsgaard, Eli Johanne Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Hege Hellum, Ingunn Indrebø Ims, Tor Erik Jenstad, Knut E. Karlsen, Laurits Killingbergtrø, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Solveig Helene Rekdal, Ålov Runde, Dagfinn Rødningen, Laila Sakshaug, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Oddmund Vestenfor, Åse Wetås, Gunndhild Wiggen, Dagfinn Worren, Leiv Inge Aa, Gunhild Aamodt.
 
26.6.2009 legg Olje-. og energidepartementet fram forslag til ny havenergilov. Det er første gongen dette departementet legg fram ei lov på nynorsk.
 

All verdas språk

 
26. juni 1945 blir skipingskonferansen for Dei sameinte nasjonane (SN/FN) i San Francisco avslutta. Konferansen opna same staden 25. april.

50 deltakarland er blitt samde om ei pakt for eit nytt verdsforbund som skal kome i staden for Folkeforbundet. Det er blitt skipa 1919 og har på det meste hatt 58 medlemsland.

Deltakarlanda som er til stades i San Francisco, signerer pakta på avslutningsdagen. Pakta gjeld offisielt frå 24. oktober 1945, som seinare blir feira som SN-dagen. Alt ved utgangen av året har SN 51 medlemsland, og i 1946 blir Folkeforbundet oppløyst. Det nyaste medlemslandet er Sør-Sudan, som 14. juli 2011 blir medlemsland nr. 193.

I Folkeforbundet var fransk, engelsk og spansk offisielle språk, og på eit tidspunkt blei det vurdert å innføre esperanto som arbeidsspråk. SN har frå skipinga fem offisielle språk – engelsk, fransk, mandarin, russisk og spansk. I 1973 blir arabisk det sjette offisielle språket. Arbeidsspråka er engelsk og fransk, og i 1974 får tysk status som dokumentspråk. 
Sist oppdatert: 07.02.2014