Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
27. juni 2008 legg Kultur- og kyrkjedepartementet fram St.meld. nr. 35 (2007–2009) Mål og meining om ein heilskapleg språkpolitikk i Oslo og i Ivar Aasen-tunet i Ørsta.
Dette er den mest ambisiøse stortingsmeldinga om språkpolitikk sidan 1960-åra. Den 28. april 2009 sluttar eit breitt fleirtal i Stortinget seg til alle hovudpunkta i meldinga. Meldinga skisserer heile 109 tiltak og etablerer ei rekkje overordna element i språkpolitikken.
Eitt av dei er prinsippet nynorsk. Dette går ut på at nynorsk i utgangspunktet alltid høyrer med der norsk språk blir tematisert eller brukt, og at i dei tilfella der nynorsk likevel ikkje er ein relevant faktor, må dette legitimerast aktivt.
Med handsaminga av denne meldinga får norsk teiknspråk ein sterkare formell posisjon, mellom anna i opplæringslova.
Sist oppdatert: 07.02.2014