Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


28.6.1850 blir komponisten og tradisjonssamlaren Olav Øysteinsson Sande fødd i Kyrkjebø.
 
28.6.1875 blir komponisten og felespelaren Per Martin Ludvig Bolstad fødd i Ålesund.
 
28.6.1909 blir språkforskaren og ordbokredaktøren Alf Kolbjørn Hellevik fødd i Fjaler.
 
28.6.1922 blir språkforskaren Bjarne Ulvestad fødd i Syvde.
 
28.6.1965 blir journalist Kjersti Strømmen fødd på Karmøy.
 

All verdas språk

28. juni 1982 tek den amerikanske språkforskaren og science fiction-forfattaren Suzette Haden Elgin til å utvikle planspråket láadan.

Ho bruker språket i ein romanserie, og språket er også hennar svar på ei oppfatning om at etablerte språk ikkje maktar å uttrykkje kvinneperspektiv fullgodt. Den såkalla Sapir-Whorf-hypotesen legg til grunn at språk formar oppfatningane, og eit språk som ikkje strekk til for kvinner, blir dermed avgrensande.

Det første målet hennar er å forme om lag tusen ord på det nye språket, og hausten 1982 publiserer tidsskriftet Women and Language News den første teksten på det nye språket. «My hypothesis was that if I constructed a language designed specifically to provide a more adequate mechanism for expressing women’s perceptions, women would embrace it and begin using it”, sa Elgin seinare.

For henne var láadan også eit motstykke til det maskuline språket klingon i Star Trek, skapt av den amerikanske språkforskaren Marc Okrand i 1984. Den 13. september 2004 opnar Deutsche Welle radiosendingar på klingon.
Sist oppdatert: 07.02.2014