Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

29.6.1930 er Kronprins Olav stemnetalar ved Noregs Ungdomslags stemne på Stiklestad. Han held talen sin på nynorsk (sjå 7.7.1946).

29.6.1984 godkjenner regjeringa i kongeleg resolusjon Norsk Salmebok til bruk i dei kyrkjelydane som gjer vedtak om det. Verbum Forlag gir ut boka i 1985.

29.6.2000 gir Samlaget ut Ivar Aasens Ordbog over det norske Folkesprog med latinske bokstavar. Det er Terje Aarset og Kristoffer Kruken som har stått for arbeidet (sjå 30.6.1850 og 17.9.2003).

29.6.2012 tek Inger Johanne Sæterbakk til som prosjektleiar for Språkåret 2013.

All verdas språk

29. juni 1855 gir den tyske misjonæren og språkforskaren Franz Heinrich Kleinschmidt ut Martin Luthers katekisme i eit opplag på 300 eksemplar på nama-språket i Scheppmansdorf (Rooibank), Namibia.

Det var talarane av dette språket som lenge blei kalla hottentottar. Den nemninga skriv seg truleg frå nederlandsk-talande boarar og kan ha spela på dei mange klikkelydane i språket. Frå 1990 er nama standardisert skriftspråk under namnet khoekhoe, som blir talt av vel 250 000 menneske i Botswana, Namibia og Sør-Afrika, og er nasjonalspråk i Namibia.

I Noreg gav Thorbjørn Egner ut «Visen om vesle Hoa» i 1954. Den siste linja i første strofe lyder slik: «Men Hoa likte buksa godt, for han var en ekte hottentot-» Hausten 2006 fører debatt om ord som neger og hottentott til at Egner-familien trekkjer visa frå ei ny utgåve av samlinga Kaptein Sortebill og 40 andre Egner-viser.

Sist oppdatert: 23.01.2017