Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


3.6.1927 gir H. Aschehoug & Co ut Engelsk-norsk ordbok av Ola Raknes. Dette er den første store framandspråklege ordboka for nynorskbrukarar. Boka blir gitt ut med 20 000 kr i tilskot frå Skuleboknemnda åt Studentmållaget i Oslo.

3.6.1999 har representantar for Nynorsk Forum møte med statsråd Lars Sponheim i Nærings- og handelsdepartementet om å bruke statlege innkjøpsreglar for å få fram nynorskversjonar av dei mest brukte dataprogramma. Saka var første gongen drøfta i Nynorsk Forum i april 1998 (sjå 19.11.2003). 
  
3.6.2008 lanserer Microsoft Norge talesynteseprogrammet LingSpeak Arne som meistrar begge målformer. Tenesta er utvikla av firmaet LingIT.
 

All verdas språk

 
3. juni 1621 blir Geoctroyeerde West-Indische Compagnie (WIC) skipa for å fremje nederlandsk handelsmonopol i delar av Mellom-Amerika. Vereenigde Oostindische Compagnie (VOC), eit tilsvarande selskap for Asia, er blitt skipa 20. mars 1602.
Med desse selskapa tek nederlandske styresmakter opp konkurransen med spanske, portugisiske og engelske handelskompani. Dette fører også til nederlandsk språk blir dominerande fleire stader på jorda, men stort sett for kortare tid.
WIC vinn raskt sterke posisjonar og gjer sitt til at nederlandsk busetjing mange stader i Mellom-Amerika og fleire stader i Afrika, og er ei viktig sambandslinje for busetjarane i Nye Nederland på nordaustkysten av Nord-Amerika. Frå Amerika sel WIC særleg pels og sukker, frå Afrika slavar, gull og elfenbein.
Etter store økonomiske problem blir WIC oppløyst i 1674. Koloniane og marknadene er der, og eit nytt Tweede Geoctroyeerde West-Indische Compagnie blir skipa alt året etter. Mot slutten av 1700-talet bleiknar gulltida for begge selskapa, som blir avvikla i 1791. Frå 1. januar 1792 tek den nederlandske staten over dei territoria selskapa har eigd, og nederlandsk blir lenge verande eit mykje brukt språk.
Frå 1711 har selskapet fått konkurranse frå det nye engelske South Sea Company. Selskapet spesialiserer seg mellom anna på slavetransport. Berre i åra 1717–31 fraktar selskapet 64 000 slavar til Nord-Amerika. Den transatlantiske slavehandelen sender truleg meir enn 10 millionar menneske til Amerika mellom 1536 og 1870. Dei står nedst på samfunnsstigen, men kjem til å prege det amerikanske språket med svært mange ord og uttrykk frå Afrika.
Sist oppdatert: 04.02.2014