Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

30.6.1845 prentar Den Constitutionelle første del av artikkelen ”Om Indførelsen af en forbedret Retskrivning i vort Folkesprog” av Peter Andreas Munch, med framhald 3.7. og 5.7. Han vil ikkje lenger leggje éin dialekt til grunn for eit nytt skriftspråk, slik han hadde gjort i ein artikkel i 1832. No vil han samanlikne ”vore fornemste saakaldte Dialecter med det ældre norske Sprog og sig sjølv indbyrdes” for å fastsetje rettskrivinga for eit nytt norsk språk.

30.6.1850 er Ordbog over det norske Folkesprog av Ivar Aasen ferdig trykt, ”efter det kongelige norske Videnskabers-Selskabs Foranstaltning og paa dets Bekostning” (sjå 29.6.2000).

30.6.1924 vedtek Odelstinget med 81 mot 23 røyster at Kristiania skal skifte namn til Oslo. Grunnlaget var eit privat lovframlegg frå Venstre-representantane Knut Markhus, Ivar Tveiten og Anders Vassbotn. Den 4.7. gjer Lagtinget same vedtaket med 21 mot 14 røyster. I Kristiania bystyre røystar 42 for namneendring og 42 mot, og med ordførarens dobbelrøyst blir det fleirtal mot namneendring (sjå 1.1.1925).

30.6.1925 handsamar Odelstinget framlegg til lov om Svalbard. Regjeringa Mowinckel har lagt fram lovutkastet på landsmål. Etter fleire rundar vedtek Odelstinget til slutt med 56 mot 53 røyster at lova skal vere på bokmål.

30.6.1931 kjem første nummeret av Hordabladet ut i Bergen med Karl Sjurseth som redaktør. Siste nummeret kjem 14.4.1932.

All verdas språk

30. juni 1960 blir Kongo sjølvstendig stat etter at Belgisk Kongo har vore ein del av det belgiske imperiet sidan 1908 og i praksis under belgisk styre sidan 1885.

Den belgiske kong Léopold engasjerer i 1879 den walisiske journalisten og oppdagaren sir Henry Morton Stanley for å byggje opp belgiske handelsstasjonar i Kongo. Ein av desse stasjonane er Leopoldville, som seinare blir hovudstaden Kinshasa.

Stanley har mange opphald i Afrika. Det første er då han 21. mai 1871 legg ut på ei reise for å finne den skotske misjonæren og oppdagaren David Linvingstone, som ingen har sett på to år. Stanley finn Livingstone i Ujiji ved Tanganyikasjøen kring 10. november. Det møtet gir ei av dei mest kjende utsegnene på engelsk: «Dr. Livingstone, I presume?»

I Kongo blir fransk det offisielle språket, men landet har også nærmare 250 urfolksspråk. Dei pregar grunnskulen, medan fransk blir meir brukt i vidaregåande utdanning. Under det belgiske styret blei det mykje brukte urfolksspråket lingala rekna som offisielt språk for kolonistyrken, den såkalla Force Publique. Med sine mange lånord frå fransk og engelsk tente lingala også som handelsspråk i denne perioden. Også swahili blei mykje brukt.

Med fransk, nederlandsk, swahili og lingala som vanlege språk var Belgisk Kongo dermed ein av svært få europeiske koloniar i Afrika med ein fleirspråkleg praksis.

Sist oppdatert: 23.01.2017