Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

4.6.1894 vedtek Lagtinget med 18 mot 10 røyster den første lova på landsmål, «Log um sams normaltid fyr kongeriket Norig», omsett av Marius Hægstad. Lova blir sanksjonert 29.6. og gjord gjeldande frå 1.1.1895. I Odelstinget røysta 44 for, 38 mot. 

All verdas språk

4. juni 1794 legg den franske revolusjonsleiaren og biskopen Henri Grégoire fram Rapport om behovet og midla for å fjerne patois [folkespråk] og gjere det franske språket allment for nasjonalforsamlinga i Frankrike. Han har kome til at det store fleirtalet av innbyggjarane i Frankrike taler eitt av 33 patois, og at neppe meir enn ti prosent taler det han kallar reint fransk.

Grunnlaget for rapporten er ei stor spørjeundersøking 1790–92. Då sende Grégoire ut spørjeskjema til advokatar, politikarar og forvaltning over heile landet med det påskotet å kartleggje kva språk som blei brukte i dei ulike delane av den nye republikken. På den måten skaffa han seg den oversikta som trongst for å setje i verk ein ny, radikal eittspråkspolitikk.

Like sidan 1530 har det vore påbode å bruke fransk i den franske forvaltninga.

På 1700-talet er det fransk som gjeld internasjonalt i Europa, talt av overklassen i mange land, men i Frankrike er det altså for eit minoritetsspråk å rekne.

Gregorie meiner at alle regionale talemål må fjernast, slik at fransk kan bli det samlande språket i republikken. Ein annan revolusjonær, Charles Talleyrand, føreslår ei rekkje tiltak som fører den same vegen. Det han kallar forvrengde dialektar, ser han på som ei leivning frå føydalismen som må fjernast. På ny blir det slått fast at berre fransk er lovleg i skule og forvaltning i Frankrike.

Den 20. juli 1794 kunngjer den revolusjonære regjeringa at all annonsering frå det offentlege i den nye franske republikken skal vere berre på fransk. Den som bryt lova, kan bli straffa med fangsel i inntil seks månader.

Føremålet med å fjerne alle andre språk enn frnask kan ha ideologisk for å skape nasjonal einskap. Det kan også ha blitt gjort for å sikre dominans for den borgarlege pariskulturen. Eller dei revolusjonære kan ha gjort det for å svekkje den katolske kyrkja. Kor som er, over 200 år seinare er Frankrike rett nok ein eittspråkleg stat formelt sett, men dei andre språka og dialektane er på langt nær borte.  

Sist oppdatert: 07.05.2019