Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

5.6.1926 kjem første nummeret av Ryfylke ut i Sauda med Johan Veka som redaktør.

5.6.2008 lanserer Nynorsk pressekontor den nye tenesta NPK Direkte som er særleg retta inn mot nynorske nettaviser og nettstader.

5.6.2012 vedtek fylkestinget i Sogn og Fjordane å satse målretta på nynorsk språkpolitikk i fylket.

All verdas språk

5. juni 2006 erklærer det serbiske parlamentet Serbia som sjølvstendig stat. Dette skjer berre to dagar etter at Montenegro er blitt sjølvstendig.

Den 30. september samlar heile parlamentet seg om grunnlaget for ei ny grunnlov som eit klart fleirtal av innbyggjarane røystar for ein månad seinare. Grunnlova gjeld frå 8. november 2006 og slår fast at serbisk er det offisielle språket. Dette skal skrivast med det kyrilliske alfabetet, men i praksis blir latinsk skrift brukt mykje, alt etter sjanger, geografi og politisk orientering. I grunnlova heiter det også at i område med etniske minoritetar er språka til desse minoritetane offisielle.

Den 28. juni 1921 blir grunnlova for Kongedømet for serbarar, kroatar og slovenarar proklamert med nasjonalspråket «serbo-kroato-slovensk», eit språk som ikkje finst, eit namn som blir laga for å danne nødvendig politisk symmetri. Språkleg er skilnaden mellom serbisk og kroatisk om lag like liten som mellom tsjekkisk og slovakisk, men skilnaden i alfabet gjer sitt, og særleg emigrantar har oppfatta språka som ulike.

Så lenge Jugoslavia eksisterte, blei gjerne likskapane framheva heller enn skilnadene mellom serbisk og kroatisk. Mellom 1991 og 2008 blir Jugoslavia delt i sju, og alle dei sju statane gjer krav på eigne namn på det språket som dominerer innanfor grensene deira, sjølv om språkgrensene ikkje fell saman med landegrensene. Det som var serbo-kroatisk, heiter difor no kroatisk i Kroatia, serbisk i Serbia, montenegrinsk i Montenegro og bosnisk i Bosnia- Herzegovina. Frå no av er det skilnadene som gjeld.

Sist oppdatert: 29.05.2017