Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

6.6.1896 kjem første nummeret av Vestmannen ut i Sogndal med Jens Kvále som redaktør. Avisa går inn etter 13 nummer 11.7.1896 og held fram som Ungdom. 

6.6.1922 sender hovudstyret i NSB ut skilt, faste oppslag og annan informasjon til dei reisande på Dovrebanen frå Dombås til Støren på landsmål, med påbod om at materialet skal setjast opp.

6.6.2018 blir Ottar Grepstad utnemnd til Riddar 1. klasse av den kongelege norske St. Olavs orden for «sin innsats for å fremme nynorsk språk, litteratur og skriftkultur». Fylkesmann Lodve Solholm overrekkjer utmerkinga i Ivar Aasen-tunet (sjå 2.2.2011).

All verdas språk

6. juni 2003 vedtek Riksdagen i Finland ei språklov som gjeld frå 1. januar 2004. I lova blir det slått fast at finsk og svensk er nasjonalspråk i Finland.

Føremålet med lova er «att trygga den i grundlagen tillförsäkrade rätten för var och en att hos domstolar och andra myndigheter använda sitt eget språk, antingen finska eller svenska».

Lova erstattar ei finsk språklov frå 1922.

Finland har vore ein del av Sverige like frå 1100-talet fram til 1809. I denne tida er svensk det offisielle språket. Slik er det også då Finland frå 1809 er storfyrstedømet Finland, styrt av Russland. Utover på 1800-talet blir jamt fleire tiltak sette i verk som fremjar bruken av finsk. I røynda blir finsk offisielt språk ved sida av svensk i 1862, men den formelle jamstillinga kjem først 19. juni 1902.

I 1917 erklærer Finland seg som ein sjølvstendig stat. På 2000-talet er svensk morsmålet for om lag 300 000 innbyggjarar i Finland. Like sidan mellomalderen har dei fleste svenskane i Finland budd langs vestkysten, dessutan i byar som Åbo og Helsinki. I desse byane skriv bruken av svensk seg frå ein sosial overklasse, og uttalen er prega av både finske og finlandssvenske talemål.
Den 6. november blir i Finland feira som dagen for finlandssvensk.

Sist oppdatert: 18.02.2019