Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

7.6.1885 går samtalelaget Fram i Brunkeberg i Telemark i gang med å omsetje Fadervår, inngangs- og utgangsbøn til landsmål. Det er uvisst kva som kjem ut av dette.

7.6.1920 vedtek årsmøtet i Hardanger-Sunnhordlandske Dampskipselskap med 218 mot 195 røyster å jamstelle dei to målformene. Mindretalet vil ha landsmål som administrasjonsspråk. Det tek lang tid før vedtaket blir sett ut i livet (sjå 7.6.1920, 31.5.1929, 26.8.1949).

7.6.1945 kjem første nummeret av Telemark Tidend ut i Skien med Aslak Berdal som redaktør. Siste nummeret kjem 11.3.1956, og frå då av er avisa bilag i avisa Varden.

7.6.1949 har Det Norske Teatret premiere på operetten Oklahoma! av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II. Dette blir grunnlaget for mange seinare musikalar, som blir eit varemerke for teateret og nynorsk scenekunst.

7.6.2009 gir Blue Fingers ut CD-plata Kom inn te oss av bluesartisten Reidar Larsen. Etter tolv plater med alle tekstar på engelsk går han no heilt over til Stavanger-dialekt.

7.6.2012 vedtek styret ved Høgskulen i Volda å omorganisere det tidlegare Ivar Aasen-instituttet til Forskingssenter for skriftkultur. Dette blei frå 1.1.2013 ein del av det nye Ivar Aasen-instituttet, tidlegare Institutt for språk og litteratur, ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Forskingssenter for skriftkultur blir eiga budsjetteining og får eit fagråd oppnemnt av rektor.

7.6.2018 vedtek styret i Nynorsk kultursentrum å tilby Per Magnus Finnanger Sandsmark stillinga som ny direktør i Nynorsk kultursentrum etter at Ottar Grepstad sa opp stillinga si 5.2. med verknad frå 1.11. Sandsmark trakkar ja, og tilsetjinga blir offentleg 11.6. (sjå 5.2.1999).  


All verdas språk

7. juni 1550 fastset kong Karl I gjennom eit Real Cédula at dei mange innbyggjarane i det utvida riket Spania snarast råd skal lære spansk.

Same året skriv presten Rodrigo de la Cruz i eit brev til kongen at urfolka i Mexico ikkje ønskjer å lære spansk. Det same gjer presten Juan de Mansilla i eit brev 8. september 1551. Han meiner det ville vere betre å gjere urfolksspråket nahuatl endå meir utbreidd enn det alt er. Det språket er populært, og der finst alt både ordbok, grammatikk og liturgi på nahuatl. Også erkebiskopen i Bogotá i dagens Colombia framhevar verdien av å bruke dei etablerte, lokale språka i eit brev 12. februar 1577.

Den spanske kolonimakta gjer delvis retrett, og kong Felipe II gjer opplæring frivillig i eit nytt Cédula 3. juli 1596. Saman med den kyrkjelege bruken av urfolkspråk i si forkynning fører dette over tid til at spansk i Mexico blir mest eit byspråk, medan urfolkspråka blir meir dominerande på landsbygda.

Dette snur i 1770. Etter eit initiativ frå erkebiskopen i Mexico fastset då kong Karl III i eit Cédula 16. april at berre spansk skal nyttast i dei amerikanske koloniane, slik at urfolksspråka snarast kan gå ut av bruk. Kravet blir forsterka tolv år seinare, og no går også kyrkja over til å bruke spansk.

I Spania er tidsrommet frå 1400-talet til slutten av 1800-talet med katalansk perspektiv kalla la Decadència (nedgangen). Då tek spansk jamt meir over for katalansk på ulike samfunnsområde. Offentlege tiltak av typen vedtaket i 1550 får mykje å seie. Det same gjeld utvidinga av den spanske verdsveldet frå den første reisa Chrisopher Columbus gjer til Amerika i 1492.

På det meste dekkjer Det spanske imperiet vel 13 prosent av landjorda, medan Det britiske imperiet som det største dekkjer nær 23 prosent. Lenge held urfolksspråka bra stand i dei spanske koloniane. Ei oppteljing i 1810 tyder på at tre av fire innbyggjarar har vakse opp med urfolkspråk. I 1975 blir den siste spanske kolonien, Spansk Sahara, sjølvstendig.

I dag bur det fleire spansktalande i Mexico enn i noko anna land. Spansk er offisielt språk i SN og EU, språket blir framleis brukt over heile verda, og talet på brukarar veks. Dermed er spansk eit like stort førstespråk som engelsk, og berre mandarin blir brukt av fleire.

Sist oppdatert: 18.02.2019