Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

8.6.1884 blir folkehøgskulemannen Martin Birkeland fødd i Stryn.

8.6.1889 blir filosofen Rasmus Johannes Slaattelid fødd i Råde.

8.6.1919 blir språkforskaren Kåre Elstad fødd i Borge i Lofoten.

8.6.1951 blir samfunnsforskaren Oddbjørn Bukve fødd.

8.6.1953 blir komponisten og songaren Olav Stedje fødd i Sogndal.

8.6.1972 kjem første prøvenummeret av Bygdebladet ut på Sjøholt med Kjell Opsal som redaktør.

All verdas språk

8. juni 632 døyr den politiske og religiøse leiaren Muhammed i Medina i dagens Saudi-Arabia. Han er då i røynda statsleiar for heile Den arabiske halvøya.

Eit avgjerande vendepunkt for dette herredømet var slaget ved Badr 17. mars 624, der Muhammeds muslimar vinn over den mektige styrken til Quraish-stammen frå Mekka.

I den islamske trua gjenreiser han den opphavlege religionen i kraft av å vere Guds siste profet. Allah openberrar seg gjennom al-Qur’ān, Koranen, som blir sett saman i si noverande form etter at Muhammed er død. Kalif Uthmān ibn ‘Affān skal ha stått for den autoritative, samla teksten i si regjeringstid 644–56. Ut frå Koranen og førislamsk poesi blir ei første standardisering av skriftspråket forma kring 660.

Muslimane ser Koranen som Allahs bokstavelege og uforanderlege bodskap i klar og korrekt skrift. Ingen omsetjingar kan difor få status på linje med originalteksten. Alt i 1143 ligg likevel den første omsetjinga av Koranen føre, på latin, frå benediktinarklosteret i den franske byen Cluny. I dag er Koranen omsett til om lag 120 språk.

Koranen er skriven på quraish-dialekten og har sett standarden for klassisk arabisk. Mange muslimar ser på klassisk arabisk som eit heilag språk fordi dette er språket i den heilage skrifta.

Arabisk blir raskt det sentrale språket både religiøst og administrativt. På få tiår tek arabisktalande språket med seg over eit stort område. Arabisk kjem i staden for arameisk i det som no er Irak, og erstattar gresk i Syria, for ei tid også persisk i Iran. Etter kvart tek store dialektskilnader form.


Foto: themua, flickr.com cc by 2.0
Foto: themua, flickr.com cc by 2.0
I eit vestleg perspektiv er Koranen skriven på det som blir kalla klassisk arabisk, medan moderne standardarabisk tek form frå 1800-talet. Dette skiljet legg arabarane sjølve gjerne lite vekt på, men dei regionale skilnadene kjem tydeleg fram i arabisk skrift. Særleg i Egypt blir arabisk dialekt brukt mykje, jamvel i parlamentet. Noko slikt ville vore utenkjeleg i andre arabiske land. Moderne standardarabisk vinn fram i område der det frå før er språk som slektar på arabisk, og dermed ikkje i land som Iran, sjølv om ingen språk som har vore i kontakt med arabisk, er blitt meir påverka av arabisk enn nettopp persisk.
Mykje av grunnlaget for denne mektige skriftkulturen er gjerningane til ein analfabet på 600-talet. Den 18. desember 2012 markerer Unesco for første gong verdsdagen for arabisk språk.
Sist oppdatert: 23.01.2017