Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

9.6.1971 vedtek Odelstinget lov om Norsk språkråd for språkvern og språkdyrking. Lova blir sanksjonert 18.6. Rådet skal ha 21 representantar for kvar av målformene (sjå 11.6.2004).

9.6.1998 kjem første nummeret av Ytre Sogn Avis ut i Høyanger med Rune Sviggum som redaktør.

9.6.2009 bed Kultur- og kyrkjedepartementet om at Nynorsk kultursentrum tek på seg å forvalte Vinjefondet, som skal fremje bruk av nynorsk i media og rekruttere fleire nynorskbrukande journalistar. Nynorsk kultursentrum takkar ja. Etter at retningslinjene for fondet er godkjende av departementet 15.12., blir dei første midlane utdelte i 2010 (sjå 15.12.2009, 12.10.2010).

All verdas språk

9. juni 1996 vedtek over 140 representantar for organisasjonar og forskarmiljø på World Conference on Linguistic Rights i Barcelona Universal Declaration of Linguistic Rights, seinare ofte kalla Barcelona-erklæringa. Den legg særleg vekt på språklege rettar for brukarar av regionale språk og minoritetsspråk.

I erklæringa heiter det mellom anna: «All languages are the expression of a collective identity and of a distinct way of perceiving and describing reality and must therefore be able to enjoy the conditions required for their development in all functions. All languages are collectively constituted and are made available within a community for individual use as tools of cohesion, identification, communication and creative expression.»

Barcelona-erklæringa symboliserer den språklege vendinga som pregar mange statar verda rundt dei siste tiåra. Det er langt frå slike offisielle dokument til politisk praksis, men jamt fleire statar skriftfestar nokre hovudlinjer i sin språkpolitikk i konstitusjonar eller anna lovverk. Minst 175 statar har reglar om språk i grunnlovene sine. Noreg har hatt slike reglar sidan 1814.

Eit anna uttrykk for denne språklege vendinga, er Girona-manifestet om språklege rettar som PEN International vedtek på sin 77. kongress i Beograd september 2011. Manifestet er på ti punkt, der det første lyder slik: «Linguistic diversity is a world heritage that must be valued and protected.” Det var PEN International Translation and Linguistic Rghts Committee som først vedtok manifestet i Girona 13. mai 2011.

Sist oppdatert: 23.01.2017