Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

1.5.1867 blir J. W. Eides Bogtrykkeri i Bergen skipa.

1.5.1899 vedtek Stortinget at det skal vere ein time obligatorisk skriftleg landsmålsundervisning ved underoffisersskulane i infanteriet (sjå 28.11.1901 og 23.4.1907). Framlegget kjem frå Lars Liestøl, og timen blir teken frå tid avsett til eksersis, skyting og vaktteneste. Ordninga stod truleg ved lag til 1930-åra, kanskje lenger.

1.5.2015 er det premiere på den danske spelefilmen Skammarens dotter av regissør Kenneth Kainz etter første boka i Skammar-serien av Lene Kaaberbøl, omsett til nynorsk på Samlaget av Øystein Rosse i 2003. For første gong er ein kinofilm teksta parallelt på nynorsk og bokmål. Importør er Nordisk Film Distribusjon, og filmen blir spreidd også som skulekino for 6.–10. steg.

1.5.2017 tek Solrun Toft Iversen til som teatersjef ved Hordaland Teater i Bergen. Ho har nyleg vore dramaturg ved Den Nationale Scene i Bergen og konstituert sjef ved Sogn og Fjordane teater i Førde. Målet er minst ein ny nynorsk urpremiere i året.

All verdas språk

1. mai 1974 gir gruppa Vømmøl Spellmannslagut LP-plata Vømmøl’n. Alle tekstane og melodiane er skrivne av Hans Rotmo.

Gruppa slo gjennom nasjonalt då dei framførte «Høvlerivise» på ein konsert i Det norske Studentersamfund i Oslo hausten 1973. Alle tekstane er på trønderdialekt, og plata blir raskt seld i om lag 50 000 eksemplar. Dette set ein ny standard for språket i norsk pop og rock.

I august 1975 går difor trøndergruppa Prudence under leiing av Åge Aleksandersen i studio og spelar inn LP-plata Takk te dokk. Med det skiftar dei songspråk frå engelsk til norsk. Den 11. desember 1975 held Prudence avskilskonsert i Trondheim, men Aleksandersen held fram og etablerer saman med fleire andre fenomenet trønderrock. Seinare i 1970-åra følgjer Stavangerensemblet og mange andre etter.

I 1970- og 1980-åra blir dialektrock og viser på dialekt svært populære, og dialekt slår raskare gjennom i songlyrikken enn i andre delar av skriftkulturen.

Sist oppdatert: 16.07.2018