Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


10.5.1982 blir plateselskapet På Norsk L/L skipa med Ola E. Bø som dagleg leiar. Selskapet blir avvikla i 1987.
 

All verdas språk

 
10. mai 1982 blir plateselskapet På Norsk L/L skipa med Ola E. Bø som dagleg leiar. Målet er å gi ut musikk på dialekt og nynorsk.
Blant aksjeeigarane er Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Kringkastingsringen, Landslaget for spelemenn, Noregs Boklag, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag.
Undervegs blir også plateklubben På Norsk skipa. Klubben kan by på både Olav Stedje og Bjørn Eidsvåg, men dårleg økonomi gjer at Bondeungdomslaget i Oslo tek over ansvaret for plateklubben etter eit par år.
Den første utgivinga frå plateselskapet er Ein diktar og hans strid om Arne Garborg. Dette er eit program av Gisle Straume frå Det Norske Teatret. Seinare kjem Ein hippie frå Telemark om A.O. Vinje. I 1983 gir selskapet ut ei plate som blir ein klassikar: Tid å hausta inn, der Kari Bremnes og Lars Klevstrand tolkar dikt av Olav H. Hauge og Hans Børli, tonesette av Per Indrehus.
Det som truleg er siste utgivinga frå selskapet, er ein annan klassikar: Dikt og sanning med tekstar av Ivar Aasen, samansette og framførte av Gisle Straume, utgitt i 1987. Same året blir selskapet avvikla. 
Sist oppdatert: 03.02.2014