Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
11.5.1930 blir mållagsmannen Bjørnar Østgård fødd i Sørreisa.
 
11.5.1933 blir tradisjonsmusikaren Hauk Buen fødd på Kongsberg.
 
11.5.1936 blir pedagogen Edvard Befring fødd i Jølster.
 

All verdas språk

 
11. mai 1947 får Laos si første grunnlov, skriven på fransk, når kongedømet Laos no skal vere eit sjølvstendig land i Fransk Indokina.
Etter økonomiske framstøytar på 1600- og 1700-talet og den fransk-kinesiske krigen 1884–85 etablerte franske styresmakter frå 1887 Union indochinoise. Koloniveldet Fransk Indokina femner om Vietnam og Kambodsja, og Laos blir ein del av dette frå 1893. Denne franske posisjonen fører til ein konflikt som endrar både Vesten og Indokina i tida 1945–75.
Den 2. september 1945 erklærer frigjeringsrørsla Việt Minh under leiing av Hồ Chí Minh at Vietnam er uavhengig av Frankrike. Franske styrkar får ikkje kontroll og lid eit endeleg nederlag i slaget ved Dien Bien Phu i 1954. Vietnam blir dels, mellombels, i to med ei demilitarisert sone. Dei siste franske styrkane er ute våren 1956, men etter forsøk frå Việt Minh på å ta over delar av Sør-Vietnam sender USA sine første styrkar inn i området i 1961.
Dette utløyser Vietnamkrigen, der den viktigaste forsyningslinja for Việt Minh går gjennom Laos. USA trekkjer ut sine siste soldatar våren 1975. Med det tek også ei ny tid til for Laos.
Grunnlova av 1947 blir oppheva då staten blir ein sosialistisk republikk 3. desember 1975.
Det offisielle språket er lao, som knapt meir enn halvparten av 6 millionar innbyggjarar bruker. Til gjengjeld talar nærmare 30 millionar menneske lao i nabolandet Thailand.
Sist oppdatert: 03.02.2014