Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

12.5.1885 vedtek Stortinget med 78 mot 31 røyster at «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog». Vedtaket er seinare blitt kalla jamstellingsvedtaket.  

12.5.2005 melder Trønderavisa at trondheimsfirmaet Datakjeden er først ute med å tilby DVD-menyar på nynorsk. Det er Vegard Waldal som har omsett tekstane.

12.5.2017 vedtek LO-kongressen eit handlingsprogram 2017–2021 med den same språkpolitiske formuleringa som i 2013: «LO vil arbeide for likestilling mellom nynorsk og bokmål. Dette inneber at alle skal kunne bruke sin målform i arbeidslivet, at det blir god opplæring i begge målformer i skolen, og at mållova følges i praksis.» I tillegg vedtek kongressen at nynorsk skal ha ein naturleg plass i LO og forbunda sine skriftlege framstillingar.

All verdas språk

12. mai 1885 vedtek Stortinget med 78 mot 31 røyster at «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog». Vedtaket er seinare blitt kalla jamstillingsvedtaket.

Grunnlaget er eit framlegg 14. februar 1885 frå 41 stortingsrepresentantar med Niels Juel, Lars Liestøl og H.E. Berner i spissen: «Storthinget ynskjer, at Regjeringi vil sjaa til kva som best kann gjerast for at det norske Folkemaalet, i dei Maatar, som i dette Brevet er innmeldt, kann faa full Rett og Fridom jamsides med Bokmaalet».

Representantane kjem frå alle amt (fylke) unnateke Vestfold, Troms og Finnmark. Med jamstillingsvedtaket blir Noreg eit av dei første landa i moderne tid med meir enn eitt offisielt språk.

Sist oppdatert: 16.07.2018