Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


13.5.1997 streikar 35 000 elevar i den vidaregåande skulen i protest mot framlegget til ny opplæringslov frå regjeringa Jagland, der kravet om lærebøker på same tid til same pris på begge målformene er teke ut (sjå 20.5.1974).
  
13.5.2008 lanserer Microsoft Norge språkgrensesnittpakke for Windows Vista på nynorsk.
 
13.5.2009 melder Jærbladet at det nye Garborg-senteret og biblioteket på Bryne blir sju millionar kroner dyrare enn planlagt, og at budsjettet no er oppe i 58,5 millionar kroner (sjå 12.10.2004, 6.11.2007, 10.3.2008, 1.4.200816.4.2008, 10.12.2009, 11.12.2009, 16.6.2010).
 

All verdas språk

 
13. mai 1937 skal vere den eldste kjende dateringa av innskrifta Kilroy was here. Denne graffitien skal vere funnen i kvelven i United States Bullion Depository i Fort Knox, der store mengder gull blei lagra frå 1937.
Foto: Sean Hayford O` Leary, flickr.com CC BY 2.0
Foto: Sean Hayford O` Leary, flickr.com CC BY 2.0
Namnet kan sikte til inspektør John J. Kilroy ved Fore River Shipyard i Massachusetts. Innskrifta blir brukt mange stader i den andre verdskrigen og blir med åra eit sterkt symbol i den amerikanske populærkulturen. I Australia dukka innskrifta Foo was here opp i den første verdskrigen.
Graffitien Kilroy was here var på sitt mest populære i 1950-åra, men dukkar framleis opp rundt forbi.
Sist oppdatert: 03.02.2014