Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


14.5.1878 vedtek Stortinget samrøystes å be regjeringa sjå til at læreplanane fastset at ”Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talemaal. Efterhaanden opøves de i at forstaa og skriftlig at udtrykke sig i Bogsproget” (sjå 14.2.1878, 8.8.1879, 2.5.1885). Bakgrunnen var eit krav om dette frå innbyggjarar i Bygland i Setesdal.


14.5.1886 handsamar Stortinget den første komitéinnstillinga skriven på landsmål. Det dreiar seg om Innst. S. nr. 137 om henstand for Byen Holmestrand om å betala Aktiepengar i Vestfoldbanen». Stortingsrepresentant Rynning seier at «Det forekommer mig virkelig at Maalstrævet nu her i Storthinget begynder at komme os temmelig nær ind paa Livet».

14.5.1923 fastset Arbeidsdepartementet føresegner for bruk av landsmål og riksmål i informasjon, oppslag og skilt i NSB.

All verdas språk

14. mai 1948 erklærer David Ben-Gurion at Israel no er ein sjølvstendig stat. Dagen før har britane trekt seg heilt ut.
Den 14. august 1922 har det britiske styret for Palestina bestemt at “All Ordinances, official notices and official forms of the Government and all official notices of local authorities and municipalities in areas to be prescribed by order of the High Commissioner, shall be published in English, Arabic and Hebrew”.
Det israelske flaget. Foto: Zachi Evenor, flickr.com CC By 2.0
Det israelske flaget. Foto: Zachi Evenor, flickr.com CC By 2.0
Med eit lovvedtak 19. mai 1948 blir den nye staten tospråkleg med hebraisk og arabisk som offisielle språk: “Any order in the law which requires the use of the English language is hereby abolished.” Engelsk blir likevel ikkje borte.
Hebraisk var talespråk for jødar i minst 1400 år fram til Judea blei øydelagd kring år 132. Frå då av er hebraisk berre skriftspråk til Eliezer Ben Jehuda og hans mange følgjarar hentar det fram att frå 1880-åra. I mellomtida er hebraisk gjerne blitt brukt som hjelpespråk for jødar frå ulike land og språkkulturar.
Sist oppdatert: 23.01.2017