Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


15.5.1878 står ”Norsk Fedralandssong” (Gud signe Noregs land) av Arne Garborg på prent i Fedraheimen.


15.5.1996 legg ein anonym aksjonskomité ut underskriftslister mot planane om Aasen-tunet på butikkar i Ørsta og Volda. Få dagar etter svarar ein ja-aksjon. 28.5. overleverer nei-aksjonen 900 underskrifter frå Volda og 600 i Ørsta (sjå 29.2.1996og 4.3.1996).


15.5.2012 kunngjer Tine at dei opphevar det tidlegare vedtaket om at berre kulturmjølk av mjølkekartongane skal vere teksta på nynorsk. Den 9.1. har Tine innført nye kartongar med regional merking, som «Melk fra Vestlandet». Frå no av blir alle kartongar med mjølk frå Vestlandet merkte på nynorsk. Berre heilmjølkkartongen blir verande på bokmål. Det er mjølkebøndene sjølve som har bedt om at kartongane blir teksta på nynorsk.

All verdas språk


15. mai 1928 kjem den første replikken i ein Mikke Mus- film. Minnie Mus er den første som snakkar, eit heilt år før Mikke sjølv seier noko (Sjå 31. juli 1929).

I teiknefilmen Plane Crazy seier Minnie Mus den vesle replikken "Oh, me?".


15. mai 1997 offentleggjer det danske Undervisningsministeriet lov om dansk rettskriving som er vedteken i statsråd dagen før, og som skal gjelde frå 1. august 1997. Lova opphevar danske rettskrivingsreglar som har vore gjeldande sidan 1892 med nokre seinare endringar.

Bakgrunnen for den nye lova er ein strid om rettskriving av framandord som braut ut i 1985, og som blei kalla majonæsekrigen. Dansk Sprognævn hadde då gjort det kjent at nemnda ville fordanske rettskrivinga av mayonnaise til majonæse. Nemnda viste til vedtak i 1892 om at «Fremmede Ord, der ere fuldt optagne og indgaaede i Sproget og i Udtalen have tabt de fremmede Lyde, skrives efter Sprogets almindelige Regler Ansjos, Kaptajn, Kontor, Løjtnant, nervøs, Tempel, Ur, Trone. – Dog ombyttes aldrig ch, g, j eller ti med sj (undt. Ansjos).”

Framlegget til endra skrivemåte er så omstridd at regjeringa grip inn, og Dansk Sprognævn endrar manuskriptet til den komande Retskrivningsordbog. Endringa inneber valfri skrivemåte av ein del framandord, som mayonnaise og majonæse, og ressource og resurse.

Den første offisielle rettskrivingsordboka for dansk er Svend Grundtvigs Dansk Haandordbog, utgitt i 1872. Tre andre slike rettskrivingsordbøker kjem ut i 1891, 1923 og 1955, alle i fleire utgåver. Frå og med 1986 har Retskrivningsordbogen med om lag 65 000 oppslagsord presentert den offisielle rettskrivinga for dansk.

Lova av 1997 gir Dansk Sprognævn eit lovfesta ansvar for ordboka. Rettskrvingsnorma gjeld for Folketinget, domstolane, all offentleg forvaltning og private skular der det offentlege svarar for minst halvpartane av kostnadene. Ordboka kjem i nye utgåver i 1996, 2001 og 2012. Kvart år blir 200–300 nyord tekne inn i den digitale utgåva, og tilsvarande mange eldre ord går ut.

Som før er den rådande norma på 2000-talet at skriftspråk og rettskriving skal endrast minst mogleg. No er truleg dansk tale det språket i Europa som endrar seg raskast, så raskt at besteforeldre som regel vil ha vanskar med å forstå barneborna.

Sist oppdatert: 15.05.2019