Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

16.5.2011 kunngjer Kulturdepartementet at Jon Fosse er tildelt statens æresbustad Grotten i Oslo.

All verdas språk

16. mai 1940 forbyd Franco-regimet i Spania all bruk av utanlandske namn på plakatar, i utstillingar og reklame. Forbodet er først og fremst mynta på bruken av katalansk og baskisk.

Fire dagar seinare sender Industri- og handelsdepartementet ut ei forordning som presiserer at namn som skriv seg frå dialektar og ikkje frå spansk, er i strid med den nasjonale spanske ånda.

Den 28. juli 1940 forbyd Francos guvernør i Barcelona offentlege tenestefolk å bruke katalansk, på arbeid så vel som i fritida. Her rører regimet ved sterke historiske kjensler.

Den 11. september 1714 sigrar dei spanske kongestyrkane over dei katalanske styrkane i Barcelona, og med det er den 13 år lange krigen La Guerra de Sucesión Española over. Frå 1888 heidrar katalanarane dei falne denne dagen. Franco-regimet forbyd denne feiringa frå 1940, men frå 1980 er 11. september på ny nasjonaldag for Katalonia.

Stadionet Camp Nou i Barcelona. Foto (2012): Jaap Kramer, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Stadionet Camp Nou i Barcelona. Foto (2012): Jaap Kramer, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0. 

Under heimekampane til Barcelona FC på Camp Nou i Barcelona er feiringa øyredøyvande når klokka passerer 17.14 i første omgang.

Sist oppdatert: 21.02.2019