Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


17.5.1814 blir Grunnlova vedteken i riksforsamlinga på Eidsvold. Språk blir berre nemnt éin stad, i § 93: ”Til Embeder i Staten maa allene udnævnes de norske Borgere, som bekjende sig til den evangelisk-lutterske Religion, have svoret Constitutionen og Kongen Troskab, og tale Landets Sprog” (sjå 4.11.1814).
 
17.5.1859 held Aasmund Olavsson Vinje tale for dagen på Eidsvoll; truleg den første offentlege talen på landsmål. Talen er prenta i Dølen 22.5., men alt 15.5. prenta Vinje ein annan ”Tale til 17de Mai 1859” i bladet.
 
17.5.1870 gir Vestmannalaget ut første nummeret av tidsskriftet Fraa By og Bygd med Henrik Krohn som redaktør. Bladet går inn i 1879.
 
17.5.1899 blir det for første gong halde heile gudstenester på landsmål, i dei tre Telemarks-kyrkjene Lårdal, Seljord og Vinje, av prestane Jakob Kornbrekke, Kristian Olsen Nordlid og Bernt Theodor Anker.
 
17.5.1901 blir melodien til ”Den nordnorske nasjonalsongen” teken i bruk. Det er Adolf Thomsen som har komponert den no så folkekjære tonen til diktet ”Å eg veit meg eit land” av Elias Blix (sjå 13.8.1896).
 
17.5.1904 held Edvard Os russetalen på landsmål ved Wergelandsstøtta i Kristiania; riksmålsruss prøver å hindre han ved å okkupere talarstolen.
 
17.5.1925 blir jakkemerke med Solfuglen lagde ut for sal, og 80 000 nåler blir raskt utselde (sjå 3.1.1925).
 
17.5.1944 blir forleggjaren Åsmund Snøfugl fødd på Røros.
 
17.5.1942 blir Vestmannalaget formelt oppløyst for å hindre at laget skal bli lagt inn under NS, men møteverksemda går vidare.
 
17.5.2005 lanserer ABC Startsiden nynorskversjonen Startsida.no. I tillegg til at alle tekstar er omsette til nynorsk, er det lagt inn ein synonymfunksjon som gjer at brukarane kan søkje på nynorsk i utvalde søkjemotorar. Prosjektet er gjennomført i samarbeid med Innovasjon Noreg, Noregs Mållag, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Norsk Plan.
 
 

All verdas språk

17. mai 1963 feirar Galicia i Spania for første gong Día das Letras Galegas, Den galisiske litteraturdagen, etter eit initiativ frå Real Academia Galega – Det kongelege akademiet for galisisk språk.

Dette er på dagen hundre år etter at Rosalía de Castro gav ut Cantares gallegos, den første boka på galisisk. Før 1400-talet var dette ikkje minst eit språk for poesi, men i tida fram mot 1800-talet blei galisisk meir for ein portugisisk dialekt å rekne. Kvart år blir ein ny galisisk forfattar feira denne dagen. Frå 1991 er 17. mai offisiell fridag i Galicia.

Dei arabiske maurarane tok makta over den iberiske halvøya frå 711, men fekk aldri heilt kontroll i Asturias i nordvest. Dermed blei også språket i området mindre påverka av arabisk enn elles på halvøya. Etter det arabiske tilbaketoget i 1492 overtok Portugal store delar av Galicia, og det som før var blitt kalla galisisk, blei no heitande portugisisk. Med tida auka avstanden mellom galisisk i Spania og portugisisk i Portugal, men portugisarane og galisarane hadde og har få vanskar med å forstå kvarandre.

Då den andre spanske republikken blei etablert i 1931, utforma politiske miljø i Galicia eit framlegg om indre sjølvstyre der det mellom anna heitte at spansk og galisisk skulle vere offisielle språk i Galicia, og offentleg tilsette måtte kunne galisisk. 77 prosent av kommunane i Galicia slutta seg til framlegget i desember 1932, men den aukande politiske uroa i landet gjorde at vidare oppfølging blei utsett.

I ei folkerøysting 28. juni 1936 røystar 99 prosent for galisisk sjølvstende. Tre veker seinare, 17. juli, bryt den spanske borgarkrigen ut. Først 6. april 1981 blir Galicia autonom provins i Spania, og med det blir galisisk offisielt språk i tillegg til spansk. Den 15. juni 1983 vedtek parlamentet i Galicia ei galisisk språklov, Ley de Normalización Lingüística.

Sist oppdatert: 16.05.2018