Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

18.5.1950 blir språkforskaren og ordbokforfattaren Kristoffer Kruken fødd.


All verdas språk

18. mai 1792 invaderer Russland utan krigserklæring Polen med 87 000 soldatar. Dermed blir ei eitt år gamal grunnlov sett ut av spel.
Den 3. mai 1791 har parlamentet Sejm i det polsk-litauiske samveldet vedteke ei grunnlov for samveldet på polsk. Dette er gjerne blitt rekna som den første moderne grunnlova i Europa og den eldste i heile verda etter den amerikanske av 1776. Invasjonen utløyser den polsk-russiske krigen som endar med at samveldet blir delt 21. januar 1793. Austre del av Polen og det meste av Litauen blir no ein del av det russiske keisardømet.
Alt 5. mai 1791 erklærte styresmaktene at 3. mai skulle vere polsk nasjonaldag, men feiringa blei forboden då Polen blei delt. Frå 1919 blei feiringa teken opp att. Frå og med 2007 har 3. mai også vore nasjonaldag i Litauen.
Sist oppdatert: 04.02.2014