Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

19.5.1909 blir medisinaren Arnold Sofus Nordal fødd i Syvde.

19.5.1918 blir tradisjonsforskaren Olav Jørundson Bø fødd i Bygland. 

19.5.1931 blir biletkunstnaren Leif Raa fødd i Fana. 

19.5.1952 blir tidlegare Dag og Tid-redaktør Arnhild Skre fødd i Bergen.

All verdas språk

19. mai 1961 protesterer demonstrantar i Silcham, India, mot at assamesisk skal bli obligatorisk språk. Om lag 90 prosent av innbyggjarane i området bruker bengalidialekten sylheti. 11 menneske blir drepne av politiet.

I januar 1965 bryt det ut opprør i Madras, no i protest mot at hindi skal vere einaste offisielle språk i India, og 60 menneske mistar livet.

Språkopprør og symbolske utryddingar av språk har der vore både før og sidan. Den 14. juni 1601 brenner den katolske kyrkja offentleg bøker og manuskript på hebraisk i Roma. Det same gir styresmaktene i Strasbourg ordre om 22. juni 1793.

Den hardhendte og vilkårslause fornorskinga av samar frå 1860 førte ikkje til opprør for språket si skuld.

I 1901 gir Alexandros Pallis ut si eiga omsetjing av Det nye testamentet til dimotiki, nygresk. Det utløyser eit språkopprør, og det same skjer då det greske Nasjonalteatret 1. november 1903 har premiere på Orestien av Aischylos på nygresk. I slagsmåla mistar to menneske livet, og sju blir skadde.

Særleg i tiåra 1960–2000 er det eit rituale i visse ungdomsmiljø i Noreg å brenne Nynorsk ordliste når dei er ferdige med gymnas eller vidaregåande skule. Dette utløyser verbale protestar, men ingen valdelege motreaksjonar.

I juli 2011 går kantonesarar i Sør-Kina ut i gatene for å kjempe for språket sitt, kantonesisk. Dette språket bruker over 70 millionar menneske i Guandong-provinsen, Hongkong og Macau. Demonstrantane protesterer, fånyttes, mot det auka presset frå styresmaktene i Beijing for at mandarin skal vere hovudspråket på tv-kanalane i Guangzhou (Kanton).

Verst går det i Sør-Afrika. Den 16. juni 1976 gjer om lag 20 000 studentar opprør i Soweto i Sør-Afrika i protest mot at undervisninga i halvparten av faga i skulen skal vere på afrikaans. Opprøret breier seg, og om lag 700 menneske blir drepne.

Året før har det kvite mindretalet feira 1975 som språkår for afrikaans og mellom anna reist om lag 20 monument over afrikaans landet rundt.

Sist oppdatert: 16.05.2018