Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

2.5.1856 kjem Norske Ordsprog av Ivar Aasen ut.

2.5.1885 løyver Stortinget med 73 mot 25 røyster 6000 kr til landsmålskurs for lærarar. Slike kurs er blitt nødvendige etter eit vedtak i 1878 (sjå 14.5.1878).

All verdas språk

2. mai 1885 løyver Stortinget med 73 mot 25 røyster 6000 kroner til landsmålskurs for lærarar.

Nokre dagar før, 30. april, held stortingsrepresentant Elias Melvær eit innlegg om saka. Dette er det første innlegget i Stortinget som blir referert på landsmål i Stortingstidende.

Slike kurs er blitt nødvendige etter eit samrøystes storting 14. mai 1878 bed regjeringa sjå til at læreplanane fastset at «Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talemaal. Efterhaanden opøves de i at forstaa og skriftlig at udtrykke sig i Bogsproget”.

Den første læreboka på nynorsk, Lesebok i Landsmaalet av Olav Paulson, kjem ut i Bergen i 1869. Organisert skriftleg opplæring i landsmål må til, og ein folkehøgskule på Halsnøy i Sunnhordland skal ha halde slike kurs alt kring 1870. Vedtaket i 1878 forsterkar behovet for at lærarane utvidar språkkunnskapane sine, og frå 1879 tilbyd Sogndal folkehøgskule med Andreas Austlid i spissen korte sommarkurs i landsmål for lærarane.

Den 23. september 1884 vedtek lærarar på eit fylkesmøte i Sogn og Fjordane den såkalla Vadheims-resolusjonen, der dei krev jamstilling mellom landsmål og dansk-norsk i skule og forvaltning. På åtte månader kjem nær 50 slike vedtak som er med og legg grunnlaget for stortingsvedtaka om midlar til opplæring i landsmål og to offisielle språk i Noreg i 1885.  

Sist oppdatert: 02.05.2018