Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

20.5.1874 drøftar Stortinget for første gong målsaka. Ole Anton Qvam har føreslått at det skal undervisast i både gammalnorsk og landsmål ved lærarskulane. Framlegget om landsmål fell med 43 mot 34 røyster.

20.5.1923 vedtek Poststyret retningslinjer for målform i oppslag på postkontora.

20.5.1925 fastset poststyret reglar for språkform på oppslag.

20.5.1926 kjem første nummeret av Orkmannen ut på Svorkmo med K.M. Elda som redaktør. Siste nummeret kjem 11.1.1945.

20.5.1952 kjem første nummeret av Firdanytt ut på Sandane med Oddvar Gloppestad som redaktør. Etter 13 nummer er det slutt 8.7. same året.

20.5.1974 vedtek Odelstinget med 112 mot 3 røyster i lov om vidaregåande opplæring at alle lærebøker og læremiddel i andre fag enn norsk skal liggje føre på begge målformer til same tid og til same pris. Lagtinget sluttar seg samrøystes til 27.5. (sjå 13.5.1997). Med denne lova tek det arbeidet til som no har ført til at over 95 % av kvart årskull tek vidaregåande skule, og som inneber at halvparten av kvart årskull får skriftleg opplæring i nynorsk.

20.5.2011 sluttar styret i Språkrådet seg samrøystes til innstillinga frå Riise-nemnda om ny rettskriving for nynorsk. Styret kallar den nye rettskrivinga 2012-normalen (sjå 13.9.2007, 16.12.2009, 20.1.2010, 1.4.2011 og 22.9.2011).

All verdas språk

20. mai 2002 blir Aust-Timor ein uavhengig stat med ei grunnlov på fire språk – tetum, bahasa indonesia, portugisisk og engelsk.

Grunnlova regulerer tilhøvet mellom desse fire sentrale språka på riksplan. I grunnlova blir det slått fast at tetum og potugisisk er offisielle språk, og at bahasa indonesia og engelsk kan brukast som arbeidsspråk i offentleg forvaltning i tillegg til dei offisielle språka.

Bak det vedtaket ligg fem hundreår som koloni. Portugisiske handelsfolk kjem til Timor i 1512, etablerer seg der frå 1556 og blir utfordra av nederlandske handelsfolk frå 1613. Nederlendarane tek kontrollen over den vestelege delen, medan portugisarane tek det som no er Aust-Timor. Der gjer dei portugisiske styresmaktene lite for å styre det indre livet i kolonien. Dermed blir mange urfolksspråk verande i bruk, og tetum blir eit lingua franca som nær sagt alle forstår.

Mellom 1975 og 1999 var landet okkupert av Indonesia, og som ein del av førebuinga til å ta over styringa går motstandsrørsla på eit møte i Lisboa inn for portugisisk som offisielt språk og tetum som nasjonalspråk. Usemja er stor, og saka blir lagd til sides til firespråkskompromisset blir forma under arbeidet med ny grunnlov vinteren 2001–02.

Sist oppdatert: 23.01.2017