Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

21.5.1906 blir skodespelaren Astrid Sommer fødd i Oslo.

21.5.1932 blir tradisjonsmusikaren Sven Nyhus fødd på Røros.

21.5.1959 blir prosjektdirektør Kristin Bakken i Norsk Ordbok fødd.

21.5.1972 blir forfattaren Roald Kaldestad fødd.

21.5.2012 vedtek eit breitt fleirtal i Stortinget tilrådinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om at Grunnlova skal liggje føre på moderne nynorsk og bokmål til Grunnlovsjubileet i 2014 (sjå 3.5.). Ved subsidiær votering sluttar Høgre og Fremskrittspartiet seg til framlegget, som blir vedteke med 12 røyster frå Venstre og Kristeleg Folkeparti (sjå 29.4.2014 og 6.5.2014).

21.5.2016 opnar ordførar Bjarne Eilif Holø Tor Jonsson-jubileet i Lom. Hovudmarkeringa blir Diktardagar i Lom 2.–4.9. Tor Jonsson-plassen framanfor rådhuset og banken var pussa opp til opninga, og om kvelden var det festframsyning, med middag etterpå der Lom kommune var vertskap. Til jubileet gir Ton Jonsson-laget ut eit magasin i samarbeid med Hallingdølen, trykt i 20 000 eksemplar. 

All verdas språk

21. mai 2006 røystar 55,4 prosent av innbyggjarane i Montenegro for sjølvstende for dette området som i nesten 90 år har vore ein del av Jugoslavia. Dette er berre 0,4 prosent over kravet for å ha eit gyldig fleirtal. Alt 3. juni same året blir sjølvstendeerklæringa underskriven – to dagar før Serbia erklærer seg sjølvstendig.

Om lag to tredelar av innbyggjarane taler ein slavisk dialekt som no blir kalla montenegrinsk.

Den 11. mai 2006 vedtek Montenegro ei minoritetslov som gir rett til å bruke minoritetsspråka i forvaltninga berre i dei områda der den aktuelle minoriteten utgjer eit fleirtal eller ein vesentleg del av innbyggjarane.

I grunnlova av 19. oktober 2007 blir montenegrinsk offisielt språk ved sida av albansk, bosnisk, kroatisk og serbisk. Både det kyrilliske og det latinske alfabetet blir brukt – det latinske tek særleg over i turistområda ved kysten.

Sist oppdatert: 29.05.2017