Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

22.5.1892 innfører Skage kyrkjelyd i Overhalla i Namdalen Blix-salmane. Dette er den første kyrkjelyden som gjer det etter at statsråd Wexelsen har godkjent salmane for kyrkjebruk (sjå 4.3.1892). Statsråd Wexelsen har då permisjon frå embetet som sokneprest i Overhalla.

22.5.1933 kjem første nummeret av Sunnmøringen ut i Sykkylven med Alb. Hovde som redaktør. Siste nummeret kjem 15.3.1934.

22.5.2017 lanserer SwiftKey iOS-tastatur til iPhone, iPad og iPod touch med nynorsk rettskriving  og følgjer med det op tilbodet om nynorsk tastatur for Android-telefonar frå året før. Initiativet kom frå Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Programvara er gratis og kan lastast ned frå App Store og Google play. Mobiltastaturet finst på over 100 språk på 250 millionar einingar over heile verda.

All verdas språk

22. mai 1981 legg kyrkje- og undervisningskomiteen i Stortinget fram ei innstilling der dei samrøystes støttar at rettskrivinga for bokmål blir liberalisert.

Grunnlaget er ei stortingsmelding frå regjeringa 30. april 1981, og Stortinget sluttar seg til framlegga i eit ordskifte 1. juni 1981. Språkbruken dei neste tiåra syner at berre delar av valfridomen i den nye rettskrivinga for bokmål blir brukt.

Bokmål er utvikla frå dansk via riksmål. I 1907 vedtek Stortinget den første rettskrivinga for bokmål, som gjeld frå 1. januar 1908. Seinare blir rettskrivinga for bokmål regulert i 1917, 1938, 1959, 1981 og 2005.

Bokmål har heile tida vore det mest brukte norske språket, men nynorsk har lenge dominert i delar av landet. Tidleg i 1950-åra blir bokmål brukt av om lag 75 prosent av innbyggjarane i Noreg – i dag av om lag 85 prosent.

Sist oppdatert: 16.07.2018