Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

23.5.1917 melder Den 17de Mai at vitnemål for examen artium no ligg føre også på landsmål (sjå 1.8.1923).

23.5.2005 held Gulating lagmannsrett oppe dommen frå Sandnes tingrett 17.2. og tilkjenner Noregs Mållag 151 000 kr i sakskostnader frå Sandnes kommune (sjå 17.2.2005 og 24.6.2005).

23.5.2008 legg Kunnskapsdepartementet fram St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer om språkpolitikk i skuleverket.

23.5.2011 vedtek sentralstyret i Arbeiderpartiet at lokallag og fylkeslag kan bruke nemningane Arbeidarpartiet og Arbeiderpartiet. Nasjonalt heiter partiet berre Arbeiderpartiet, og alle lister ved val skal heite Arbeiderpartiets liste.

All verdas språk

23. mai 1998 røystar 71 prosent av innbyggjarane i Nord-Irland for den såkalla Langfredagsavtalen som representantar for den britiske og den irske regjeringa signerte i Belfast 10. april same året.

Den britiske regjeringa skilde ut denne delen då Irland lausreiv seg og blei sjølvstendig stat i 1922. Då hadde området alt i to år hatt si eiga regjering. Seinare har det skifta på med det lokale sjølvstyret.

Avtalen frå 1998 slår mellom anna fast at irsk gælisk skal vere offisielt minoritetsspråk i Nord-Irland. Same dagen røystar også 94 prosent av innbyggjarane i Irland for å gjere dei endringane i grunnlova som følgjer av avtalen. Endringane gjeld frå 2. desember 1999.

Hausten 2007 bryt det ut i strid i den nordiske regjeringa om språkpolitikken, fordi kulturministeren og dei andre protestantiske statsrådane legg ned veto mot å fremje bruken av irsk gælisk. Med ujamne mellomrom blussar striden opp att om kva plass irsk gælisk skal ha. Sinn Fein trekkjer seg frå Lamgfredagsavtalen i 2017, og det skaper eit maktvakuum i ein situasjon der nordirar flest er mot at Storbritannia skal gå ut av EU. Democratic Unionist Party går mot ei språklov som dei meiner er unødvendig og kostar for mykje. Lovframlegget er laga for å fremje gælisk og gjere Nord-Irland reelt tospråkleg.  

Sist oppdatert: 22.02.2019