Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

24.5.1848 blir Sigurd Blekastad fødd i Sel. Han er stortingsrepresentant 1883–97.

24.5.1861 blir forfattaren Rasmus Løland fødd i Suldal.

24.5.1911 blir musikaren Egil Storbekken fødd.

24.5.2014 avdukar Edvard Hoem ei byste av Ivar Aasen utanfor Meland rådhus i Nordhordland. Bysta er laga av Gunnar Torvund.

24.5.2018 gjer Vinje formannskap rammevedtak for den vidare planlegginga av Vinje-senteret. Eit første formelt byggjemøte blir halde i Vinje 24.6. (sjå 14.12.2017).

All verdas språk

24. mai 1956 vinn den sveitsiske songaren Lys Assia med den franskspråklege songen «Refrain» ein songkonkurranse i Lugano i Sveits.
Artistar frå sju land er med i konkurransen 1. Gran Premio Eurovisione della Canzone, frå 1960 kalla Eurovision Song Contest. Det er første gong konkurransen blir avvikla, og til og med 1965 er det ingen reglar for språket i songane.

Det året framfører Sverige sin song på engelsk, og frå 1966 må kvart deltakarland difor bruke eit av dei offisielle språka sine. I åra 1974–76 er det fritt fram, og den svenske gruppa ABBA vinn i 1974 med «Waterloo» på engelsk. Frå 1977 skal alle på ny syngje på eit offisielt språk, men sidan 1999 kan alle bruke det språket dei vil. Sjå video frå Eurovision 1974:


Belgia stiller i 2003 med songen «Sanomi» på eit oppdikta språk. Det får BBC-kommentatoren Terry Wogan til å seie: “Three languages to choose from and they had to make up their own.” Belgia gjer det same i 2008 med «O Julissi», og i 2006 er delar av den nederlandske songen «Amambanda» på eit fiktivt språk.
Med det norske bidraget «Haba haba» i 2011, som delvis er på swahili, blir for første gong eit afrikansk språk brukt i songkurransen.
Sist oppdatert: 18.02.2019