Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie



25.5.1889 kjem prøvenummeret av det kristelege bladet Stille Stunder med Johannes A. Barstad som redaktør (sjå 13.7.1889).  Frå og med første ordinære nummer 13.7.1889 har bladet kome ut utan avbrot. Svært mange salmar blir første gongen prenta i bladet, som ein forløpar til Nynorsk Salmebok (sjå 3.2.1925, 18.12.1925). Bladet kjem no ut på Voss.
 
25.5.1959 vedtek Stortinget dei første retningslinjene for munnleg tale i NRK (sjå 1.12.1995). 
 
25.5.1973 vedtek Odelstinget med 44 mot 40 røyster at norsk ”til vanleg” skal vere eit obligatorisk fag i allmennlærarutdanninga, men at studentane har høve til å byte med eit anna fag (sjå 15.3.1979).
 

All verdas språk

 
25. mai 1763 kjem første nummeret av vekeavisa Norske Intelligenz-Seddeler ut i Christiania.
Dette er den første trykte avisa i Noreg, skriven på dansk, redigert og trykt av den tyske boktrykkjaren Samuel Conrad Schwach. Avisa er først og fremst eit annonseorgan, og liknande aviser tek til å kome ut i Bergen i 1765 og i Trondheim i 1767. Den første trykte avisa i Danmark kjem ut i 1634, i Sverige i 1645.
Alt frå om lag 1600 blir det laga handskrivne meldingsblad i Noreg. I 1644 har den danske boktrykkjaren laga det første trykte nyheitsbladet, Aggershusiske Acters Første Quartaels Summariske Beskriffuelse paa nerværende Aar 1644.
I dag kjem det ut om lag 225 papiraviser i Noreg. Av dei er om lag 160 redigerte på bokmål, om lag 60 på nynorsk eller både nynorsk og bokmål, fire på samisk og ei på kvensk.
På Internett er ei lokalavis først. Brønnøysunds Avis opnar nettavisa si 6. mars 1995, to dagar før Dagbladet. Då kan berre ti prosent av innbyggjarane klikke seg ut i det digitale. Frå første stund blir lesarane vane med at det ikkje kostar noko å lese på nettet. No er gratiskulturen omme, varslar Aftenposten 25. august 1996, fåfengt. Mange år seinare har dei fleste avislesarane flytta frå papiret til smarttelefonen (morgon), pc-en (dag) og lesebrettet (kveld).
Sist oppdatert: 04.02.2014