Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
26.5.1930 vedtek Odelstinget etter fleire voteringar lov om målbruk i offentleg teneste. Lagtinget avviser vedtaket (sjå 2.6.1930).
 
26.5.1988 opnar fylkesordførar Ole Dramdal Hordaland Teater under De internasjonale festspillene i Bergen. Opningsframsyninga er Eingong var ingenting av Tone Ringen (sjå 25.11.1985, 15.2.1988).
26.5.2008 lagar VG Nett den nynorske overskrifta ”Elevane fekk eksamensfri då lærarane gjekk til streik: – Ikkje mogleg å ha eksamen” til eit oppslag om at lærarstreik førte til at eksamen i norsk sidemål i dag er avlyst for avgangselevane ved mellom anna Valler videregående skole i Bærum.
 

All verdas språk

 
26. mai 1993 legg Royal Commission on Aboriginal Peoples i Canada under leiing av Alice J. Wylie Mawusow fram ein rapport på 3537 sider. Mandatet har vore vidt: “examine all issues which it deems to be relevant to any or all of the aboriginal peoples of Canada”.
Bystyret i den vesle byen Oka nordvest for Montreal har i 1990 vedteke å byggje ein golfbane på eit område som mohawk-folket meiner er deira. Dette utløyser ein 11 veker lang konflikt der store politistyrkar blir sette inn, og kommisjonen er eit av tiltaka for å dempe og løyse konflikten.
Canada er eit land som i folketeljingane lenge har registrert språket til innbyggjarane. Fram til 1941 definerte dei morsmål som det språket vedkomande først snakka og framleis snakka. I tida 1941–76 var morsmål det språket vedkomande først snakka og framleis forstod, og i 1981 var spørsmålet kva språk innbyggjarane først lærte og framleis forstod.
Før striden om golfbanen bryt ut, har det språklege mangfaldet fått eit nytt uttrykk i landet. Den 31. mars 1989 feirar Assembly of First Nations (AFN) den første offisielle språkdagen for urfolk i Canada.
Tjue år seinare er så godt som ingen av dei 440 framlegga i rapporten følgde opp, men golfbanen blir ikkje bygd.
Sist oppdatert: 04.02.2014